Bjarne Rise
norsk målar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bjarne Rise (18. juni 1904–30. september 1984) var ein norsk kunstmålar.
Remove ads
Biografi
Bakgrunn
Bjarne Rise var fødd i Minneapolis i USA av norske foreldre. Da han var fem år gammal, flytta familien attende til heimbygda Oppdal der han voks opp. Hausten 1925 flytta han til Oslo der han først gjekk på Kunst- og Handverkskulen. Etter det studerte han ved Statens Kunstakademi først i 1927 og i 1932/33 med Axel Revold, seinare, i 1935/36 med Georg Jacobsen.[1] Han var og ei tid, etter avslutta studium ved Kunstakademiet, elev hjå Aksel Jørgensen ved Kunstakademiet i København
Stil
Kunstnaren Bjarne Rise vert rekna som den første surrealisten i Noreg. I periodar dyrka han abstraksjonen men i det meste har kunsten hans figurativ karakter. Både landskap, figurbilete og stilleben framsyner ei mjuk lyrisk kjensle gjennom ein ljos koloritt og ei medveten konstruktiv oppbygging noko som syner påverknaden frå Georg Jacobsen. Han var og påverka av den danske målaren Vilhelm Bjerke Petersen[2].
Arbeid
Rise er best kjent for altertavlene og trerelieffa sine, m.a. altertavlene i Follafoss kyrkje, (1955), Fagerhaug kapell, (1960), Ringkollen kapell, 1981), og kalkmåleri i Glomfjord kyrkje, 1957). Ved sida av måleri og trerelieff arbeidde han med biletteppe. Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet i Oslo eig eit trerelieff og åtte måleri av Bjarne Rise. I 1955 gav han ut ei bok om kunstnaren Jean Heiberg.
Remove ads
Verk (utval)
Offentlege bygningar (utsmykking)
- «Veronika-duk», Altertavle i Gamvik kyrkje (biletvev)
- «Kristus og de tre apostlane» Altertavle i Follafoss kyrkje.
- «Fem kloke og fem dårlige jomfruer», på orgellem og altertavle i Namsos kyrkje (måla trerelieff og biletvevteppe).
- «Den oppstandne Kristus», Billedvevteppe i Moss sjukehus.
- Trilogien «Med egne hender - Vår, Sommer, Haust», tre biletvevteppe i Norske Folk garden, Oslo.
- «Indisk Draum», måleri, Rennebu kommunehus.
- «Såmannen» i Opdals Sparebank (måla trerelieff).
Kartongar for vovne teppe
- «Indisk draum»
- «Jomfru Maria of hennar tre friarar», etter eit gammalt antependium
- «Gullfuglen»
- «Prinsessa som ingen kunne målbinde»
- «Kvitt dyr»
- «Maternité»
Remove ads
Utstillingar (utval)
- 1928: Representert på utstilling i Kunstnarforbundet
- 1935: Representert på surrealistisk måleriutstilling i København
- 1937: Representert på Verdsutstillinga i Paris
- 1951: Invitert deltakar på utstilling av biletkunst saman med Paul Klee, Vasilij Kandinskij og Pablo Picasso. Rise fekk god omtale.
- 1952: Deltakar på utstillinga «Ung norsk kunst» i København
- 1955: Deltakar på sommarutstillinga «13 malarar» i Kunstnernes Hus
- 1957: Deltakar på utstilling i Göteborg
- 1968: Utstilling av teikningar saman med Håkon Stenstadvold og Ole Mæhle i Kunstnarforbundet.
- 1982: Utstillinga «Norsk Billedvev» med billedteppe etter kartongar av Bjarne Rise i Kunstindustrimuseet.
- 1987: Kubismens kunst vart utstillt i Tønsberg
- 1989: Retrospektiv minneutstilling i Trondhjem Kunstforeining - Trøndelag Kunstgalleri. Utstillinga blei vist i Oppdal av Oppdal Kunstlag same år.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads