Blue Angel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Blue Angel» er ein song av Roy Orbison frå 1960. Han er skriven av Orbison og Joe Melson og gjeven ut på singel av Monument Records i 1960. Singelen vart den andre store hitten til Orbison.
Singelen nådde niandeplassen på den amerikanske singellista og 11. plassen på den britiske singellista i 1960. B-sida til singelen var «Today's Teardrops», ein song av Gene Pitney.
Songen har, som mange andre Orbison-songar, ein trist tekst, men her prøver han å få nokon som er trist i betre humør, i staden for at han sjølv er den som er trist. Songen er samanlikna med «Only the Lonely», den førre singelen hans, og opnar med liknande stavingar (sha-la-la, dooby wah, dum dum dum, yeh yeh um).[1]
Remove ads
Lister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads