Blue Monday av Fats Domino

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Blue Monday» er ein song opphavleg skriven av Dave Bartholomew, og først spelt inn av Smiley Lewis i 1954.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Han vart seinare spelt inn i ein meir populær versjon av Fats Domino i 1956 på Imperial Records, der låtskrivinga vart tilskriven Bartholomew og Domino. Dei fleste versjonane etter dette tilskriv begge to. Barytonsaksofonsoloen vert spelt av Herbert Hardesty.[2]

Domino-versjonen vart nytta i filmen The Girl Can't Help It i 1956. Det vart ein av dei første rhythm and blues-songane som gjekk inn på Billboard si popliste, og nådde femteplassen der og heilt til topps på R&B Best Sellers-lista.[3] Songen vart gjeven ut på albuma This Is Fats i 1957 og Fats Domino sings 12,000,000 Records i 1959.

Remove ads

Andre versjonar

Buddy Holly var ein av dei første til å spele inn songen og det same gjorde seinare Cat Stevens. Tim Curry spelte inn songen for kjenningsmelodien til TV-filmen Blue Money i 1986. Gene Summers spelte inn «Blue Monday» i 1981 på albumet Gene Summers in Nashville. Bob Seger spelte inn songen i 1989 for filmen Road House og Dr. John spelte inn songen i 1992 for albumet «Goin' Back to New Orleans  Huey Lewis and the News spelte inn songen i 1994 på albumet Four Chords & Several Years Ago. Keith Almgren skreiv ein svensk tekst og kalla songen «Härliga lördag». Denne vart sungen live i 1994 av Sten & Stanley.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads