Bob Welch
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Robert Lawrence «Bob» Welch (31. august 1945–7. juni 2012) var ein amerikansk musikar. Han var tidlegare medlem av Fleetwood Mac og fekk stor suksess med solokarrieren sin seint i 1970-åra. Singlane hans var mellom andre «Hot Love, Cold World», «Ebony Eyes», «Precious Love» og signaturlåten hans, «Sentimental Lady».
Remove ads
Remove ads
Biografi
I 1971 erstatta Welch Jeremy Spencer i Fleetwood Mac, og var med på albuma Future Games (1971), Bare Trees (1972), Penguin (1973), Mystery to Me (1973) og Heroes are Hard to Find (1974).
Welch vart bede om å bli verande trass i at Lindsey Buckingham og Stevie Nicks var henta inn som erstattingar, men slutta og starta ein hardrock-trio kalla Paris. Bandet, der han hadde med seg den tidlegare Jethro Tull-bassisten Glenn Cornick, og den tidlegare Nazz-trommisen Thom Mooney, og den då framtidige Tin Machine-trommeslagaren Hunt Sales, gav ut to album som vart dårleg motteke i 1976. Welch valde då lage kommersiell popmusikk, og han fekk suksess i 1977 med French Kiss, som selde til platina og inneheld hitsinglane «Sentimental Lady» (ei nyinnspeling av ein song frå Bare Trees) og «Ebony Eyes».
Three Hearts kom ut i 1979 og fortsette i same leia, men selde til gullplate. Singelen «Precious Love» vart ein hit. Fleetwood Mac-medlemmar spelte som gjesteartistar på begge albuma. Welch gav ut fire album til fram til 1983, men salstala fall gradvis.
Innan 1987 hadde Welch flytta til Phoenix i Arizona og danna Avenue M. Seint i 1990-åra vart han låtskrivar i Nashville i Tennessee. Welch hamna òg i strid med dei tidlegare kolleagene i Fleetwood Mac. I 1994 saksøkte han bandet for ubetalte honorar frå tida han var i bandet. Dei vart forlikte utanfor retten, men Welch sa Fleetwood Mac tok hemn ved å ekskludere han frå seremonien då bandet vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998. Welch var det einaste tidlege medlemmet som ikkje vart æra. Welch skaut seg sjølv og døydde i Nashville den 7. juni 2012, 65 år gammal.
Remove ads
Diskografi
Album
Head West
Fleetwood Mac
Paris
Solo
Solosinglar
- «Big Towne, 2061» / «Blue Robin» (1976)
- «Ebony Eyes» / «Outskirts» (1977)
- «Sentimental Lady» / «Hot Love, Cold World» (#8, 1977)
- «Ebony Eyes» / «Dancin' Eyes» (#14, 1978)
- «Hot Love, Cold World» / «Danchiva» (#31, 1978)
- «I Saw Her Standing There» / «Church» (1979)
- «Precious Love» / «Something Strong» (#19, 1979)
- «Church» / «Here Comes The Night» (#73, 1979)
- «Church» / «Don't Wait Too Long"
- «Three Hearts» / «Oh Jenny» (1979)
- «Rebel Rouser» / «Spanish Dancers» (1979)
- «Don't Let Me Fall» / «Oneonone» (1980)
- «Don't Rush The Good Things» / «Reason» (1980)
- «Those Days Are Gone» / «The Girl Can't Stop» (1980)
- «Two To Do» / «Imaginary Fool» (1981)
- «Sentimental Lady» / «Ebony Eyes» (1981)
- «Remember» / «You Can't Do That» (1982)
- «Fever» / «Can't Hold Your Love Back» (1983)
- «Can't Hold Your Love Back» / «S.O.S.» (1983)
- «I'll Dance Alone» / «Stay» (1983)
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads