Bare Trees
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bare Trees er det sjette studioalbumet til det britiske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1972. Dette er det siste albumet med Danny Kirwan, som vart sparka under turneen etter albumet. Etter bandet slo igjennom i USA i midten av 1970-åra, klatra dette albumet til 70. plass på albumlista i USA og selde til gullplate i 1976. Seinare selde det over ein million eksemplar og fekk platinastatus.
Albumet inneheld den originale versjonen av «Sentimental Lady», som seinare vart spelt inn på ny av Bob Welch, som skreiv songen, akkompagnert av Mick Fleetwood, Christine McVie og Lindsey Buckingham) for soloalbumet French Kiss. «Spare Me a Little of Your Love» vart spelt fast på konsertane til bandet frå 1972 til 1977.
«Trinity» er ein song av Danny Kirwan som ikkje kom med på albumet, men sidan vart gjeven ut i 1992 i plateboksen 25 Years – The Chain. Songen hans «Sunny Side of Heaven» var ein populær instrumental i Ventures-stil.
Teksten til Kirwan-songen «Dust» var henta frå eit dikt av Rupert Brooke.[1]
«Spare Me a Little of Your Love» vart òg spelt inn av Johnny Rivers på studioalbumet hans New Lovers and Old Friends i 1975, same året som Fleetwood Mac fekk gjennombrotet sitt i USA med Fleetwood Mac.
«Thoughts on a Grey Day» er eit dikt lese av ei eldre kvinne, Mrs. Scarrott, som budde nær heimen til bandet i Sør-England.
Remove ads
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
Fleetwood Mac
- Danny Kirwan – gitar, vokal
- Bob Welch – gitar, vokal
- Christine McVie – klaverinstrument, vokal
- John McVie – bassgitar
- Mick Fleetwood – trommer, perkusjon
Andre medverkande
- Mrs Scarrott som les eit dikt.
Produksjon
- Produsent: Fleetwood Mac
- Lydteknikar: Martin Birch
- Remiks-lydteknikar: Bob Hughes
- Remastering: Lee Herschberg
- Biletomslag av John McVie
- Spelt inn i DeLane Lea Music Centre
- Miksa på ny i Record Plant Studios
Remove ads
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads