Future Games

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Future Games er det femte studioalbumet til det britiske rockebandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1971. Det var det første albumet deira med den amerikanske gitaristen Bob Welch og det første med Christine McVie som fulltidsmedlem. Utan 1950-talsmusikken til gitaristen Jeremy Spencer, som no hadde slutta i bandet, gjekk bandet eit ytterlegare steg bort frå blues og nærare den melodiske popstilen dei til slutt skulle bryte gjennom i Amerika med fire år seinare. Etter bandet bandet hadde spelt inn albumet og gjeve det frå seg, kom plateselskapet attende og sa at dei ikkje ville gje ut albumet med berre sju songar, og kravde at dei spelte inn ein åttande. «What a Shame» vart då spelt inn i all hast som ein jam.[treng kjelde]

Meir informasjon Fleetwood Mac-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I 2001 gav Sincer Records ut albumet på ny på CD.

Ein kraftig redigert versjon av «Sands of Time» vart ein mislukka singel i USA og somme andre land. Albumet vart likevel spelt ein del på FM-radio.[treng kjelde] Tittelsporet «Future Games» vart seinare spelt inn på ny av Bob Welch i 1979 for soloalbumet hans The Other One.

Det finst ein tidleg versjon av «Morning Rain» med tittelen «Start Again» for ei BBC-innspeling den 5. januar 1971.[3]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

På somme versjonar av plata er opplistinga av lengda på songane særs unøyaktig. Til dømes har enkelte versjonar oppført at «Woman of a 1000 Years» er 8:20 lang, medan han i røynda er 5:28.[4]

Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

Produksjon

  • Produsent: Fleetwood Mac
  • Lydteknikar: Martin Rushent
  • Studio: Advision
  • Plateomslag: John Pasche
  • Fotografi på omslaget Sally Jesse
  • Gruppefoto av Edmund Shea

Lister

Meir informasjon Liste, Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads