Bolsjoj Tsjeremsjan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bolsjoj Tsjeremsjan (russisk Большой Черемшан, tatarisk Олы Чирмешән – Olı Çirmeşän) er ei elv i Tatarstan og Samara og Uljanovsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 336 km lang og har eit nedslagsfelt på 11 500 km². Elva har ei middelvassføring på 36,1 m³/s.
Elva spring ut frå Bugulma-Belebej-høgdene, og munnar ut i Volga nær Dmitrovgrad, på 53 moh. Dei viktigaste sideelvane er Bolsjaja Sultsja og Malyj Tsjeremsjan. Elveløpet er meanderande, med breie elvebreidder.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bolsjoj Tsjeremsjan» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads