Bonanza
amerikansk westernserie for TV From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bonanza er ein amerikansk westernserie som gjekk på NBC frå 1959 til 1973. Serien handlar om den hardt arbeidande og respekterte familien Cartwright og livet deira på ranchen Ponderosa i Nevada. Her jobbar dei mellom anna med å beskytte sin eigen ranch, samstundes som dei hjelper til med å halde områda rundt trygge. Familien består av Ben Cartwright (spelt av Lorne Greene) og dei tre vaksne sønene hans: Adam (Pernell Roberts), Eric (Dan Blocker) og Joseph (Michael Landon).
Serien vart særs populær i USA og låg øvst på fjernsynstoppen frå 1964 til 1967. I 1971 byrja sjåarinteressa å falle, noko som bidrog til at serien vart nedlagd i 1973. I tillegg døydde Dan Blocker i 1972, som gjorde det meir krevjande å halde fram med serien.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads