Bono
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Paul David Hewson (fødd 10. mai 1960), kjend under scenenamnet Bono, er ein irsk songar-låtskrivar, musikar, ventureinvestor, forretningsmann og filantrop.[1] Han er mest kjend som frontmann i rockebandet U2 frå Dublin. Bono vart fødd og voks opp i Dublin og gjekk på Mount Temple Comprehensive School, der han møtte den framtidige kona si, Alison Stewart, og dei framtidige medlemmane av U2.[2][3][4] Bono har skrive nesten alle tekstane til U2, og nyttar ofte religiøse, sosiale og politiske tema.[5][6] I dei tidlege åra til U2 hadde tekstane til Bono ein opprørsk og spirituell tone.[5] Etter kvart som bandet vart eldre, har tekstane vorte meir personlege.[3][5]
Utafor bandet har han samarbeidd og spelt inn musikk med mange andre artistar,[7][8][9] og er direktør og partnar i Elevation Partners,[10] og har pussa opp og eig Clarence Hotel i Dublin med The Edge.[11][12] Bono er vidt kjend for aktivismen sin for Afrika, og han har vore med å starte DATA, EDUN, ONE Campaign og Product Red.[3][13] Han har organisert og spelt på mange konsertar for veldedige føremål og har møtt mange viktige politikarar.[13][14][15] Bono har blitt hylla og kritisert for aktivismen og involveringa til U2.[16][17][18]
Bono vart slått til riddar av Elizabeth II av Storbritannia for «tenestene sine i musikkindustrien og for det humanitære arbeidet sitt», og vart i lag med Bill og Melinda Gates kåra til årets person i Time i 2005.[16][19][20][21] I 2013 vart Bono kommandør i den franske Ordre des Arts et des Lettres.
Remove ads
Filmar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads