Post-punk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Post-punk er ein mangfaldig[6] variant av rock som dukka opp i kjølvatnet av punken i 1970-åra, der artistane gjekk bort frå råskapen i punken og i staden eksperimenterte langt meir musikalsk. I eit forsøk på å bryte med rocketradisjonen, brukte post-punk-artistane elektronisk musikk, svarte dansestilar og det avantgarde, i tillegg til ny innspelingsteknologi og produksjonsteknikkar. Rørsla blanda òg ofte musikken med kunst og politikk, og artistane var inspirerte av kjelder som modernistisk litteratur, kritisk teori, film og performance art.[7] I lag med desse utviklingane innan musikken var det samfunn som produserte visuell kunst, multimedia-performance, sjølvstendige plateselskap og fanziner.
Remove ads
Post-punk var nært knytt til utviklinga av underordna sjangrar som gotisk rock, no wave og industriell musikk. Tidlege grupper innan sjangeren var Siouxsie and the Banshees, Wire, Public Image Ltd, Devo, Joy Division, Talking Heads, The Pop Group, Gang of Four, Throbbing Gristle og The Contortions. I midten av 1980-åra hadde mykje av rørsla forsvunne, men gjeve drivkraft for New Pop-rørsla og den påfølgjande alternative og sjølvstendige musikken.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads