Tidvassbølgje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tidvassbølgje er eit fenomen som kan finna stad i tronge kanalar, som elvar og sund, med ein viss storleik på tidvasskilnaden, gjerne i samband med springflod. Det medfører at tidevatnet som kjem inn dannar ei eller fleire snøgge bølgjer som typisk har høge, fossande bølgjetoppar.
- «Tidvassbølgje» kan også vise til ei bølgje i havet laga av tidvatnet, og til ei flodbølgje.


Bølgjene går to til tre gonger snøggare enn vanleg tidvatn, og held fram lengre. Dei har gjerne ei eller fleire tydelege bølgjetoppar som kan bryta, og kan også koma saman med eit tydeleg brus. Store og tydelege tidvassbølgjer er kjende under ulike namn.
Medan dei større tidvassbølgjene kan vera farlege for skipsfart i elva, blir dei også brukt av surfarar og sett på av turistar.
Remove ads
Plassering
Ein finn tidvassbølgjer særleg ved munningen av større floder som Amazonas, Brahmaputra, Indus, Irrawaddy og Qiantang.
I Europa er tidvassbølgjer mindre vanlege, men ein finn dei mellom anna i Garonne og Seinen i Frankrike, Severn og Trent i England, og i den norske Saltstraumen.
Oversyn
Remove ads
Kjelder
- Encyclopaedia Britannica
- Delar av denne artikkelen bygger på «Tidal bore» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads