Trent

From Wikipedia, the free encyclopedia

Trent
Remove ads

Trent er ei av dei største elvane i England. Ho spring ut i Staffordshire, mellom Biddulph og Biddulph Moor, og renn gjennom Midlands inntil ho ved Trent Falls renn saman med Ouse og dannar Humber, som renn derfrå austover til Nordsjøen. Elva er 298 kilometer lang. Ho renn nordover, noko som er uvanleg for engelske elver.

Kjappe fakta Land, Grevskap ...

Trent renn forbi fleire byar, blant anna Stoke-on-Trent, Burton-upon-Trent, Derby, Nottingham, Newark og Scunthorpe.

Dei største sideelvane er Idle, Devon, Erewash, Soar, Derwent, Dove, Mease og Tame.

Trent markerer grensa mellom dei to engelske herolda Norroy og Clarenceaux. «Nord for Trent» er difor ein av fleire definisjonar på avgrensningen mellom Nord- og Sør-England.

Remove ads

Trent Aegir

Thumb
Tidvassbølgja Trena Aegir sett frå West Stockwith, Nottinghamshire 20. september 2005

På visse tider på året kan det på dei nedre, tidvasspåverka delane av Trent finnast ei middels stor tidvassbølgje (opp til 1,5 meter høg), som er kjent som «Trent Aegir». Aegir finst når ein høg springflo møter vasstraumen frå elva, som går i motsett retning.[1] Traktforma på elvemunningen forsterkar denne effekten, og skapar ei stor bølgje som kan merkast så langt oppstraums som til Gainsborough, og nokre gonger endå lengre. Men bølgja kan ikkje gå særleg langt forbi Gainsborough sidan forma på elva reduserer han til ikkje stort meir enn ei krusing. Nord for Newark-on-Trent i Nottinghamshire ligg tersklar i elva som stoppar bølgja fullt.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads