Borgund i Sogn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Borgund er ei innlandsbygd øvst i Lærdal kommune i Vestland fylke og eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Borgund har tidlegare òg vore ein eigen kommune. Borgund er kjend for den vidgjetne Borgund stavkyrkje. Hovudnæringsvegen i Borgund er jordbruk. Namnet «Borgund» er sett saman av borg som tyder 'borg, bygdeborg' og -und, 'rik på'.[1]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Borgund.
Remove ads
Tidlegare Borgund kommune
Borgund var sjølvstendig kommune frå 1864 til 1964. Kommunen vart oppretta 1. januar 1864 ved at området vart skild ut frå Lærdal kommune. Ved opprettinga budde det 963 personar i Borgund. Kommunen hadde denne utstrekkinga fram til han vart slegen saman med Lærdal att 1. januar 1964. Ved samanslåinga budde det 492 personar i Borgund.[2] Før kommunesamanslåingane på 1960-talet, og seinast sidan 1920, var Borgund den minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for tidlegare Borgund kommune frå 1864 til 1964:
Remove ads
Borgund kyrkesokn
Borgund sokn femner same området som tidlegare Borgund kommune, det vil seie dei austre delane av tidlegare Lærdal prestegjeld. Soknekyrkje er Borgund kyrkje frå 1868. Ho erstatta Borgund stavkyrkje frå kring 1180 som soknekyrkje. Stavkyrkja er eigd og vedlikehalden av Fortidsminneforeninga.[7]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads