Borgund kyrkje i Sogn

kyrkje i Lærdal kommune From Wikipedia, the free encyclopedia

Borgund kyrkje i Sogn
Remove ads

Borgund kyrkje står på Borgund i Lærdal kommune i Vestland, like ved Borgund stavkyrkje, og er ei langkyrkje i tre frå 1868.[1]

Thumb
Plasseringa til Borgund kyrkje
Thumb
Kyrkjene på Borgund
Foto: J. P. Fagerback
Thumb
Kyrkjene i Lærdal mellom 1880 og 1910.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Ho erstatta stavkyrkja som soknekyrkje for Borgund sokn i Sogn prosti.

Kyrkja vart dels betald for av Fortidsminneforeningen mot at dei fekk overta stavkyrkja. Sokneprest Henning Frimann Dahl var sterkt med på å drive fram denne løysinga. Soknet måtte ha ny kyrkje for stavkyrkja var vorten for lita, og Dahl meinte at det var ei nasjonal oppgåve å ta vare på Borgund stavkyrkje for framtida.[1]

Kyrkja er teikna av Christian Christie.[1] Han teikna også Hauge kyrkje i nabosoknet, og dei to kyrkjen har grunnforma sams, men medan Hauge kyrkje har to tårn og plass til 500 personar, har Borgund kyrkje ein takryttar midt over skipet og plass til 175 personar. I utforminga av kyrkjene var han inspirert av stavkyrkjene.[1]

Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg kyrkja i Lærdal prestegjeld.

Både Borgund stavkyrkje og Borgund kyrkje finst i små versjonar bygd i legoklossar i Legoland.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads