Deborah Compagnoni
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Deborah Compagnoni (fødd 4. juni 1970) er ein italiensk tidlegare alpinist frå Bormio som vann tre OL-gull og like mange VM-gull i tida 1992-98.
Compagnoni vann sitt fyrste verdscuprenn i slutten av januar 1992, då ho sigra i eit super-G-renn i Morzine i Frankrike. Tre veker vart ho olympisk meister i same øvinga, då ho i Albertville vann ein suveren siger, heile 1,41 sekundar føre sølvvinnar Anita Wachter frå Austerrike.
Også under OL 1994 på Lillehammer vart ho olympisk gullmedaljør, men då i storslalåm. Som i Albertville vann ho ein overlegen siger, ho hadde 1,21 sekundar til gode på toaren Martina Ertl frå Tyskland.
Compagnoni vart verdsmeister i storslalåm i 1996 i Sierra Nevada. Året etter, under VM 1997 i Sestriere, forsvarte ho storslalåmtittelen, og tok i tillegg gullmedaljen også i slalåm-tevlinga.
Under OL 1998 i Nagano vart Compagnoni olympisk meister i sitt tredje rake vinter-OL. Ho vann då gullmedaljen i storslalåm, hennar fjerde siger på rad i den øvinga i dei store meisterskapane. Dessutan sikra ho seg OL-sølv i slalåm.
Compagnoni vart nummer fire i verdscupen i alpine greiner både i 1997 og 1998. I 1997 erobra ho pokalen som beste storslalåmrennar i verdscupen. Frå januar 1992 til januar 1998 vann ho i alt 16 renn i verdscupen, 13 av dei i storslalåm. Ho la opp etter 1999-sesongen.
Ho er gift forretningsmannen Alessandro Benetton.
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
- «Deborah Compagnoni» (på engelsk). olympedia.org. Henta 9. februar 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads