Born to Be Wild

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Born to Be Wild» er ein song skriven av Mars Bonfire og først framført av bandet Steppenwolf. Han blir ofte brukt i både populær- og motkultur for å karakterisera utsjånaden eller haldninga til ein biker. Han er særleg kjent frå filmen Easy Rider frå 1969. Nokre gonger blir «Born to Be Wild» skildra som den første heavy metal-låten, og teksten «heavy metal thunder» i det andre verset markerer den første bruken av dette omgrepet i rockemusikk (sjølv om det ikkje er ei skildring av ein musikkstil, men snarare ein motorsykkel).[5]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Komposisjon

Mars Bonfire skreiv «Born to Be Wild» som ein ballade.[6] Bonfire var tidlegare medlem av The Sparrows, forgjengarbandet til Steppenwolf, og broren var trommeslagar i Steppenwolf. Sjølv om han først tilbaud songen til andre band – mellom anna The Human Expression[7] – vart «Born to Be Wild» først spelt inn av Steppenwolf i ein kjappare og omarrangert versjon som AllMusic-skribenten Hal Horowitz skildra som «ein brølande hymne av turbo-ladd riffrock» og «ein tidlaus radioklassikar så vel som eit stykke 60-talsopprør som på ein gong definerer stilen til Steppenwolf og gav dei sjansen deira til AM-udøydelegheit».[6]

Remove ads

Utgiving og mottaking

«Born to Be Wild» var den tredje singelen til bandet frå debutalbumet Steppenwolf frå 1968 og vart deira mest suksessfulle singel, som nådde andreplassen på Billboard' Hot 100-lista. Han vart halden unna førsteplassen av «People Got to Be Free» av The Rascals.[8] I 2004 plasserte magasinet Rolling Stone' «Born to Be Wild» på 129. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[9] I 2004 hamna han òg på 29. plassen på AFI's 100 Years...100 Songs over dei beste låtane i amerikansk film. I 2009 vart han kåra til den 53. beste hardrock-låten gjennom tidene av VH1 (den hamna på 40. plassen på VH1 si liste over dei 100 beste rock and roll-låtane ni år tidlegare).[10] I 2018 vart låten innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i ein ny kategori for singlar.[11]

Remove ads

Salslister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1968–1969), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1968), Plassering ...
Meir informasjon Liste (1990), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Andre versjonar

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I 1985 vart songen spelt inn av det australske bandet Rose Tattoo. Versjonen deira nådde 25. plassen i Australia.[33] I 2002 vart han spelt inn av Kim Wilde og gitt ut som ein singel utan album. Coverversjonen hennar nådde 84. plassen i Tyskland[34] og 71. plassen i Sveits.[35] Tanja Dexters spelte òg inn songen i 2002. Versjonen hennar nådde 21. plassen i Belgia.[36].

Andre artistar som spelte denne songen inkluderer Hinder,[37] Etta James,[38] Link Wray,[38] Slade,[39] The Cult,[40] INXS,[38] Ozzy Osbourne med Miss Piggy,[41] Bruce Springsteen,[38] Slayer,[42] Blue Öyster Cult,[38] Status Quo,[38] Fanfare Ciocărlia,[43] Krokus,[44] Wilson Pickett,[38] La Renga,[45] Jess Greenberg.[46] og Ann-Margret[47]

Salslister

Rose Tattoo-versjonen

Meir informasjon Liste (1985), Plassering ...

Kim Wilde-versjonen

Meir informasjon Liste (2002), Plassering ...

Tanja Dexters-versjonen

Meir informasjon Liste (2002), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads