Boston maraton-bombinga

From Wikipedia, the free encyclopedia

Boston maraton-bombinga
Remove ads

Boston maraton-bombinga fann stad 15. april 2013 då to bomber eksploderte under Boston maraton i Boston i USA. Tre menneske døydde, medan 183 vart skadd.[1] Ei av bombene var ein trykkokar som var plassert i nærleiken av målstreken ved Boylston Street.[2] Dei vart detonert 14.49 EDT med eit mellomrom på 13 sekund. Det vart ikkje gjeve noka åtvaring før bombene vart detonert, og ingen hevda at dei stod bak. Federal Bureau of Investigation (FBI), som leia etterforskinga, sende ut bilete av to mistenkte i media. Om natta 18. april og morgonen 19. april var politiet involvert i ei skotveksling og deretter ei jakt på dei to mistenkte. Éin politimann vart drepen og éin vart hardt skadd. Den eine av dei to mistenkte, 26 år gamle Tamerlan Tsarnaev, døydde seinare på sjukehus av skadar.[3] Den andre, den 19 år gamle yngre broren Dzjokhar Tsarnaev, blei teken hand om av politiet og send til sjukehus etter ein lengre leiteaksjon.[4]

Kjappe fakta
Remove ads

Bombinga

Boston maraton vart som vanleg stelt til på Patriots' Day, og starten gjekk utan teikn eller varsel om noko gale i emning.[5] Tenestemenn gjennomsøkte område to gonger før eksplosjonane; den andre gongen berre éin time før den fyrste bomba gjekk av. Ein kunne gå fritt inn på området og ein kunne òg ta med det ein måtte ynskje.[6]

Klokka 14.49 EDT vart to bomber detonerte på Boylston Street nær Copley Square om lag 170 meter frå kvarande, like før mållinja.[5][7][8] Den fyrste eksploderte utanfor butikken Marathon Sports på 671-673 Boylston Street klokka 14.49,43 EDT; den andre, eit kvartal lenger vest på 755 Boylston Street klokka 14.49,57 EDT.[9][10][11]

Remove ads

Døde og skadde

Tre menneske vart drepne og 183 vart skadde under åtaka. Ei rekkje av dei skadde hadde alvorlege skadar og trong intensivbehandling.[12]

Dødsfall

Tre tilskodarar vart drepne i bombeangrepet: Den 29 år gamle restaurantsjefen Krystle Campbell frå Medford i Massachusetts, den 23 år gamle kinesiske statsborgaren og studenten Lü Lingzi frå Shenyang i Kina og den åtte år gamle Martin Richard frå Boston.[13][14][15][16]

Den 26 år gamle politimannen Sean Collier vart skoten og drepen tre dagar seinare då han vart overfallen av dei mistenkte.[17]

Remove ads

Kjelder

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads