Boz Burrell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Raymond «Boz» Burrell (1. august 1946–21. september 2006) var ein engelsk musikar. Han var opphavleg songar, men er mest kjend som bassist i rockebanda King Crimson og Bad Company.
I midten av 1960-åra song Burrell i sitt eige band, og gav seinare på tiåret ut solosinglar som vokalist, akkompagnert av Ritchie Blackmore, Ian Paice og Jon Lord, som seinare danna Deep Purple. Tidleg i 1970-åra vart han medlem av King Crimson som vokalist. Då bandet ikkje fann ein høvande bassist, fekk Burrell opplæring på instrumentet av gitarist Robert Fripp.[1] Han spelte inn Islands (1971) med bandet og er òg å høyre på konsertalbumet Earthbound.[2] Burrell syng òg på Centipede-albumet Septober Energy (1971).[3]
I 1973 danna Burrell bandet Snape med medlemmar av King Crimson og Alexis Korner[1] og vart så første bassisten i rockebandet Bad Company,[2]. Burrell vart verande med bandet fram til 1999. Sidan har Burrell arbeidd med Tam White og Zoot Money's Big Roll Band. Han døydde av eit hjarteattakk i Spania den 21. september 2006, 60 år gammal.[4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads