Brahmiskrift
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brahmi er eit skriftsystem kjend frå India frå kring 600-talet f.Kr. Det er forløparen for dei fleste indiske skriftsystem. Mange av bokstavane minner om arameisk skrift, og ein utbreidd teori er at skrifta blei utvikla frå arameisk. Brahmi blei opphavleg skrive frå høgre mot venstre, men skriftretningen blei seinare snudd til venstre mot høgre. Dei eldste innskriftene ein kjenner med brahmiskrift er frå 200-talet f.Kr. Brahmi var samtidig med kharosthi, som blei brukt lengre nord i Sør-Asia.


Brahmi utvikla seg vidare i ein nordindisk og ein sørindisk variant, kjend som Gupta-brahmi og Pallava-brahmi. Den nordindiske forma utvikla seg mellom anna til devanagari som blir brukt til å skriva mellom anna sanskrit og hindi. Denne typen har også vore utgangspunkt for mange andre nordindiske skrifttypar. Den sørindiske typen blei utgangspunkt for skrifttypar som tamil, telugu, kannada og tulu-malayalam. Skriftsystem utvikla frå brahmiskrift finst også utanfor dagens India. Dei blir mellom anna brukt til å skriva burmesisk, mon, khmer, thai, singalesisk, og javanesisk.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads