Brandbu
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brandbu er eit tettbygd område i Gran kommune på Hadeland i Innlandet fylke. Busetjinga mellom Brandbu og Jaren er vorte så tett at Statistisk sentralbyrå reknar Brandbu/Jaren som ein tettstad med 5 148 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Tidlegare var Brandbu kjend som «Augedals bro», og framleis kan ein høyre lokalfolk referere til staden som «Brua». Brandbu var tidlegare eigen kommune, og er framleis eige kyrkjesokn. Soknekyrkja er Nes kyrkje, på nordsida av Røykenvika. Brandbu kommune vart slegen saman med Gran kommune 1. januar 1962.[1]
Remove ads
Augedalsbro
Augedalsbro eller Åvedalsbro er ein gammal brustad over Augedalselva (Vigga), og her var i eldre tid skysstasjon. Her møtest den gamle og den nye Bergensvegen, og Høgkorsvegen gjekk herfrå over til Toten. Brustaden vart flytta til Rosendal litt lenger oppe ved elva på midten av 1800-talet, men Augedalsbro fortsette å vere skysstad. Staden var dessutan møtestad for kommunestyret i den gamle Brandbu kommune.
Augedalsbro er motivet for målarstykket «Augedals bro» (1897) av Gerhard Munthe.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads