Break a Broken Heart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Break a Broken Heart
Remove ads

«Break a Broken Heart» (norsk omsetjing ‘knus(e) eit knust hjarte’) er ein popsong frå 2023 med den australsk-kypriotiske songaren Andrew Lambrou. Låten var det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Break a Broken Heart» blei komponert av det svensk-danske låtskrivarteamet Jimmy Jansson, Jimmy «Joker» Thornfeldt, Marcus Winther-John og Thomas Stengaard.[1] Songen er ein popballade om «forhold som endar med eit knust hjarte, men som får oss til å stå opp att frå oska, sterkare enn nokon gong».[2]

Låten blei internt vald av den kypriotiske kringkastaren RIK til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2023. I oktober 2022 kunngjorde RIK at han hadde vald den australsk-kypriotiske songeren Andrew Lambrou til å representere landet. Låten «Break a Broken Heart» blei offentleggjord 2. mars 2023, og ein musikkvideo til låten blei sloppen same dag.

Kypros deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «Break a Broken Heart» nummer sju og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[3] I finalen fekk Kypros 126 poeng og enda på tolveplass.[4][5]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2023), Høgaste plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads