Breakthru av Queen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Breakthru» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han er tilskriven heile Queen, og vart gjeven ut i juni 1989 på albumet The Miracle. Singelen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista, og nådde sjetteplassen i Nederland og Irland, men gjekk ikkje inn på lista i USA. Songen er merkverdig for videoen der gruppa spelar songen på ein togvogn på eit kjapt damplokomotiv.
Remove ads
Song
Albumversjonen av songen byrjar med 30 sekund med langsam vokalharmoni. Denne vart visstnok skriven av Freddie Mercury for ein annan song, som aldri vart gjeven ut, «A New Life Is Born».[1][2] Han endrar seg så raskt til ein kjapp rockelåt, som var skriven av Roger Taylor. Andre versjonar av songen vart skapt ved å anten forlenge eller korte ned introduksjonen.[3] I eit intervju i 1989 sa Mercury at dette var eit flott døme på to separate bitar som kom saman til ein eigen song. Han kommenterte korleis bandet hadde kring 30 songar å arbeide med, men berre gjorde ferdig ein liten del.[4]
Remove ads
Video
Musikkvideoen til songen vart filma i løpet av to dagar på museumsjernbanen Nene Valley Railway nær Peterborough i Cambridgeshire i England. Gruppa leigde damplokomotivet No. 3822[5] og ei open vogn. Gruppa kalla toget «The Miracle Express», og namnet stod måla i store raude bokstavar på begge sider av lokomotivet.[6] Overgangen frå den rolege introen til den kjappe rockelåten skjer samtidig med at toget brasar gjennom ein vegg av polystyren, måla som ein mursteinsmur. Resten av videoen består av toget som køyrer, medan bandet framfører songen på togvogna.[7]
Remove ads
Medverkande
- Freddie Mercury - solo- og korvokal, piano, klaverinstrument
- Brian May - elektrisk gitar, korvokal
- Roger Taylor - trommer, klaverinstrument, korvokal
- John Deacon - bassgitar
- David Richards - klaverinstrument, programmering
Lister
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads