Brevikbanen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Brevikbanen
Remove ads

Brevikbanen er ei jernbanestrekning på rundt ti kilometer som går frå Eidanger til Brevik i Telemark. Banen vart opna i 1895 med sporvidde 1067mm, lagt om til normalspor i 1921. Persontrafikken vart lagt ned i 1968. Sidan persontoga forsvann har berre kalktog til Norcems sementanlegg ved Ørvik, og annan godstransport trafikkert banen. Desse toga har gått sidan 1970-talet, og har vore spennande å sjå på for jernbaneentusiastar. Eldre lokomotiv som El 8, El 11 og El 13 har vore fast trekkraft på banen, og det vart brukt eit lok i kvar ende, dei siste åra eit lok i Brevikenden og ein skd (skiftetraktor) i Porsgrunnenden. I 2007 vart El 14 og Skd 226 nytta i denne trafikken. Sommaren 2008 gjekk det ein Skd 224 i Porsgrunnsenden.

Kjappe fakta Info, Drift ...
Thumb
Brevikbanen ved Eidangerfjorden.
Thumb
«Kalken» som trafikkerer Brevikbanen.

I 1993 blei Grenlandsterminalen bygd ved Brevikbanen, og ein la eit jernbanespor til denne. Trafikken på dette sporet har vore særs liten, i drift ei kort stund i 2000. I 2009 hadde selskapet NorthSea Terminal prøvedrift med tomme containerar til terminalen. Det har òg vore importert nye lokomotiv via terminalen.

Remove ads

Strekning med tidlegare stoppestader

Teiknforklaring
Bratsbergbanen frå Porsgrunn
km 192,60 Eidanger (1882) 39 moh.
Vestfoldbanen til Larvik
Prestemoen (ca. 12 m)
Prestealléen
km 194,83 Prestealléen (1933)
Armund Tvetens vei (ca. 10 m)
Granatveien (ca. 12 m)
km 195,35 Nystrand (1895) 38 moh.
km 196,30 Mule (1933)
Malmv.
km 196,67 Bru over Brevikbanen (23m, 1992)
km 196,86 Bru over Brevikbanen arm (gamle E18,34m)
Østvedtveien (ca. 8 m)
km 197,21 Skjelsvik (1895) 30 moh.
Hvalenvn.
Hagerup Knutsons v. plo
km 198,10 Valen (1933)
Fjordgløttveien arm (ca. 8 m)
Fjordgløttv. plo
Bryggeveien (ca. 7 m)
km 199,65 Heistad (1895) 12 moh.
Brønnløkkaveien
km 200,16 Tangenkai sidespor
(ca. 350 m)
km 200,84 Ørvik (oppr. Cementen) (1923) 23 moh.
Grenlandsterminalen (1993)
354 Breviksvegen
km 201,05 Norcem (1975)
km 201,60 Dalen (1933)
Privatveg Norcem (ca. 20 m)
Privatveg Norcem (ca. 7 m)
km 201,94 Trosvik (21m)
Trosvikveien (ca. 7 m)
resten av sporet er fjerna
km 202,62 Brevik (1895) 12 moh.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads