Thomond

From Wikipedia, the free encyclopedia

Thomond
Remove ads

Thomond (irsk Tuadh Mumhan, Nord-Munster) er eit historisk kongedøme i Irland, og er i dag eit uoffisielt namn på eit område.

Thumb
Utstrekkinga til Thomond før normannarinvasjonen.
Thumb
Thomond bru med King John's Castle på sørbreidda av elva Shannon i Limerick.

Historisk tyding

Historisk viser Thomond til eit av dei mange kongedøma som fanst på den irske øya før den normanniske invasjonen. Desse små kongedøma hadde ikkje faste grenser, og var i regelen lik påverknadsområdet for den dominerande klanen. Frå 800-talet var det Dal gCais som dominerte dette området. Nemninga «konge av Thomond» (ri Tuad Mumu) er først kjent brukt om Cennetig mac Lorcan på midten av 900-talet. Området var kjerneområdet for Dal gCais, og dei kjende kongane Brian Boru, Donnchad mac Briain, Toirdelbach ua Briain og Muirchertach Ua Briain herska over Munster og store delar av Irland herfrå. På 1100-talet blei Munster delt i kongedømma Thomond og Desmond, og frå no av og til 1500-talet var «konge av Thomond» ein offisiell tittel som gjekk i arv innan O'Brian-dynastiet.

Remove ads

Moderne tid

Området i Irland som i dag blir knytt til namnet Thomond består av grevskapet Limerick, den nordlege delen av grevskapet Tipperary og den austlege delen av grevskapet Clare, altså i praksis det meste av den nordlege delen av Munster.

Namnet blir brukt av fleire føretak og organisasjonar som held til i, eller har tilknyting til, denne regionen. Som døme kan nemnast Thomond College of Education, ein utdanningsinstitusjon for lærarar (no slått saman med University of Limerick), eller arenaen Thomond Park, der rugbylaget Munster speler heimekampane sine. I fleire hundreår var Thomondbrua den einaste brua I byen Limerick over elva Shannon.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads