Brian Deane

engelsk fotballspelar og trenar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Brian Deane (fødd 7. februar 1968 i Leeds i England) er ein tidlegare fotballspelar frå England som i 2023-14 var hovudtrenar for Sarpsborg 08 Fotballforening.[1]

Kjappe fakta

Spelar

Deane starta karrieren sin i Doncaster før han vart kjøpt av Sheffield United i 1988, og scora tosifra mengder mål i alle sine fem sesongar på Bramall Lane. Samarbeidet hans med Tony Agana var spesielt fruktbart, etter ein klassisk engelsk formular for spissradarpar (ein stor hovudsterk spelar + ein mindre, kjapp). Deane fekk blant anna æra av å score det aller første målet i den nystarta engelske ligaen Premier League i august 1992. Han spelte òg tre landskampar for England i den første perioden sin i Sheffield United.

I 1993 vart Deane selt til Leeds. Etter fire sesongar i klubben, returnerte han til Sheffield United sommaren 1997, der han spelte ein halv sesong før han drog til Benfica. Hausten 1998 returnerte Deane til England, og signerte denne gongen for Middlesbrough. Han har òg spelt for Leicester, West Ham, Sunderland og eit nytt opphald i Leeds.

Sommaren 2005 signerte Deane for Perth Glory, og det var venta at han skulle trappe ned karrieren i den australske klubben, men før jula 2005 returnerte han nok ein gong «heim» til Sheffield United. Likevel vart det heller få framferder for Deane i oppryksseseongen til Blades; ein skade i ein reservelagskamp sette han utanfor spel medan han prøvde å finne kampforma etter det lite vellykka opphaldet i Australia, og i tillegg handla manager Warnock inn ei rekkje andre spissar (Bruce Dyer og Ade Akinbiyi, og dessutan Geoff Horsfield på lån frå WBA) som konkurrerte direkte med Brian Deane. Blades rykte likevel opp og Deane fekk altså vere med på denne bragda 16 år etter sist gong, om enn i ein mindre viktig rolle enn då.

Remove ads

Karriere som spelar

Meir informasjon Klubb, Kampar ...

Merittar

  • Finalist i den engelske ligacupen: 1996 med Leeds United
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads