Leeds United
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leeds United Fotball Club (før Leeds United Association Football Club) er ein engelsk profesjonell fotballklubb.
Frå og med 2020/21-sesongen spelar klubben i Premier League etter at dei vann Championship i 2019/20-sesongen.
Klubben vart stifta i 1919,[1] og vart vald inn i The Football League i 1920. «The Whites», som er kallenamnet til Leeds United, spelar heimekampane sine på Elland Road i Leeds. Byen Leeds ligg i den engelske regionen Yorkshire og Humber, kring sju mil aust for Manchester og fem mil nord for Sheffield.
Remove ads
Historie
Starten
Leeds United vart grunnlagt som ein etterfylgjar av den tidlegare klubben i Leeds, Leeds City. City vart ekskludert frå ligaen på grunn av ulovlege utbetalingar til spelarar under første verdskrig.
Tida under Don Revie
Laget levde stort sett eit heistilvære mellom dei to øvste divisjonane fram til dei fekk den tidlegare engelske landslagspelaren Don Revie som manager, i mars 1961. På grunn av økonomiske problem i klubben hadde Revie ein tung 1961/62 sesong, og ein siger i siste kamp redda laget frå nedrykk til 3 divisjon. To år seinare var alt mykje lysare for klubben og Leeds var igjen klar for Englands øvste divisjon. Dei neste 10 åra kan skildrast som Leeds si stordomstid med mellom anna 2 ligameisterskap. I Revie sin siste sesong som manager spela laget dei første 28 seriekampane utan å tapa, og laget vart ofte kalla «Super Leeds» i denne tida.
Etter Revie
Den neste manageren i Leeds vart Brian Clough. Han hadde hatt stor suksess med Derby County, men vart rekna som omstridd og fekk sparken i Leeds allereie etter 44 dagar. Klubben heldt seg i toppserien utover på 1970-talet, men hadde ikkje like gode plasseringar som dei hadde hatt under Revie. I sesongen 1981/82 rykte laget ned frå 1. divisjon og på 1980-talet vart dei verande i denne divisjonen. Howard Wilkinson, som vart tilsett som manager i oktober 1988, greidde å få laget attende til toppdivisjonen. Her gjekk det betre enn dei aller fleste hadde trudd og i 1991/92 hadde laget igjen vorte engelske ligameister. Klubben vart i den øvste divisjonen i 14 år før dei etter 2003/04 sesongen igjen rykte ned til det som då hadde vorte til Football League Championship.
Remove ads
Meisterskap
- Engelske ligameister: 1968/69, 1973/74 og 1991/92.
- Vinnar av nivå 2 (Divisjon 2 - Championship) 1923/24, 1963/64, 1989/90 - 2019/20
- Vinnar av FA-Cupen: 1972.
- Finalist i FA-Cupen: 1965, 1970 og 1973.
- Vinnar av Ligacupen: 1968.
- Finalist i Ligacupen: 1996.
- Finalist i serievinnarcupen (før Meisterligaen): 1975
- Vinnar av FA Charity Shield: 1969 og 1992.
- Vinnar av FA Youth-cup: 1993 og 1997
Plasseringar i cup og serie
Oversikt over Leeds United F.C.-sesongar sidan 1919/20.
Kjende spelarar
|
|
|
Remove ads
Leeds United sine managerar
Remove ads
Spelarstall
Tabellen vart sist endra 11. november 2021[3][4].
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads