Brian Kilby
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brian Leonard Kilby (fødd 26. februar 1938) er ein britisk tidlegare maratonløpar frå Coventry som i 1962 vart europameister i maratonløping.
Kilby kom på 29. plass i maraton i Sommar-OL 1960. 16. september 1962 vann han gullmedaljen i maratonløpet ved EM i friidrett 1962 i Beograd. Vel ti veker seinare triumferte han også i maraton-tevlinga då samveldeleikane vart avvikla i Perth i Australia. Den 6. juli 1963 sigra han i eit maratonløp i walisiske Port Talbot på livsbeste 2.14.43, den til dess beste maratontida i verda. Under dei olympiske leikane i Tokyo i 1964 kom Kilby på fjerdeplass i maraton.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Brian Kilby» frå Wikipedia på tysk, den 25. august 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads