Brianne Theisen-Eaton

From Wikipedia, the free encyclopedia

Brianne Theisen-Eaton
Remove ads

Brianne Theisen-Eaton (fødd 18. desember 1988) er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar frå småbyen Humboldt i Saskatchewan som tevla i mangekamp. Ho vann to VM-sølv og ein olympisk bronsemedalje i sjukamp.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Theisen-Eaton gjorde personbeste i sjukamp under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva, med 6 530 poeng sikra ho seg sølvmedaljen i tevlinga. Vårvinteren 2014 vart ho også nummer 2 i femkampen ved innandørs-EM, Nadine Broersen frå Nederland vann ganske klart. Sommaren 2014 forbetra Theisen-Eaton den personlege rekorden i sjukamp til 6 597 poeng under samveldeleikane i Glasgow, der ho var heilt suveren.

På tampen av mai 2015 sette Theisen-Eaton kanadisk rekord i sjukamp då ho for andre gong sigra i meistermötet i Götzis, ho vann også i 2013. Med 6 808 poeng presterte ho livsbeste som mangekjempar. Knappe tre månader seinare enda ho opp med 6 554 poeng ved VM i Beijing, nok til å vinne sølv, men ikkje til å truge Jessica Ennis-Hill i kampen om gullmedaljen.

I mars 2016 vann Theisen-Eaton femkamptevlinga ved innandørs-VM i Portland, etter å ha sanka 4 881 poeng. I mai viste ho styrke då ho med 6 765 poeng gjekk til topps i Götzis-stemnet. Under Sommar-OL i Rio de Janeiro plukka ho 6 653 poeng og la beslag på bronsemedaljen, men var over 100 poeng bak dei to andre medaljvinnarane; Nafissatou Thiam og Jessica Ennis-Hill.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Brianne Theisen gifta seg med Ashton Eaton i 2013.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads