Brigitte Oertli
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brigitte Oertli (fødd 10. juni 1962) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Egg i kantonen Zürich. Ho vann to OL-sølv i 1988 og ein VM-bronse året etterpå. Både i 1985 og 1988 kom ho på andreplass i verdscupen i alpint.
Remove ads
Oertli meisterskapsdebuterte internasjonal under VM i alpint 1985 i Bormio. Der kom ho femteplass i slalåmtevlinga og åttandeplass i utforløypa. Ho deltok også i VM i alpint 1987 i Crans-Montana, og vart nummer 10 i super-G og nr 11 i storslalåm.
Under vinter-OL 1988 i Calgary tok Oertli sølv i utfor, bak den suverene vinnaren Marina Kiehl frå Vest-Tyskland. Ho gjentok bragda i kombinasjonen, då bakom Anita Wachter. Under VM i alpint 1989 i Vail i Colorado fekk ho bronse i kombinasjonsøvinga, etter Tamara McKinney og landsmannen Vreni Schneider.
Gjennom si tid som aktiv vann Oertli ni verdenscuprenn, sju av dei i den alpine kombinasjonen. Ho vann kombinasjonsdelen i verdscupen heile fire sesongar (1985, 1987-89). Ho gjekk første gongen til topps i verdscupen 9. desember 1984, den siste sigeren kom 10. desember 1989. Flest sigrar oppnådde ho i 1988-sesongen, då ho også vann sin einaste siger i slalåm og sin einaste i utfor.
To gongar kom Oertli på andreplass i verdscupen i alpint for kvinner, høvesvis 1985 og 1988. I 1985 var ho med på ein sveitsisk storeslem, Michela Figini vann då verdscupen i alpint føre Oertli, 259 poeng mot 218, med Maria Walliser på tredjeplass. I tillegg kom Erika Hess på ein delt fjerdeplass.
Oertli la opp i 1990.
Remove ads
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Brigitte Oertli» frå Wikipedia på tysk, den 18. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
- (en) Brigitte Oertli – Profil og resultatoversikt hos FIS
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads