MiRee Abrahamsen

From Wikipedia, the free encyclopedia

MiRee Abrahamsen
Remove ads

Britt MiRee Abrahamsen (fødd 7. august 1973)[1] er ein norsk forfattar, biletkunstnar, journalist og lærar frå Tromøya i Arendal.

Kjappe fakta

Abrahamsen har studert kunst og språk i ulike delar av verda, mellom faga er russisk samtidslitteratur og klassisk arabisk. Ho har reist mykje i mellom anna Europa, Midtausten, Nord-Afrika og det tidlegare Sovjetunionen, og har som kunstnar hatt utstilling i fleire av desse landa, som Syria, Libanon og Dei sameinte arabiske emirata. Ho har òg stilla ut heime på Sørlandet, i Risør, Arendal og Kristiansand.

MiRee Abrahamsen debuterte som forfattar i 1999 med lyrikk. Den andre boka, I skyggen av Qassioun, er ein roman om ein arabisk familie i Damaskus, medan dei to neste romanane er lagt til Sørlandet. Forfattaren er blitt nominert til Sørlandets litteraturpris tre gonger.

Remove ads

Verkliste

  • Ankeret i apegården, dikt, 1999
  • I skyggen av Qassioun, prosa, 2001
  • Bols, roman, 2002
  • Daviti, roman, 2004
  • Det ville Østen 2012

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads