Bruce Tulloh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Michael Swinton Tulloh, kjend som Bruce Tulloh, (29. september 193528. april 2018) var ein britisk langdistanseløpar som i 1962 vart europameister på 5 000 meter.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Sommaren 1961 sette Tulloh personleg rekord på 5 000 meter med 13.52,8 då han sigra i eit stemne i Budapest. Vel eitt år seinare vann han gullmedaljen på distansen ved EM i friidrett 1962 i Beograd på tida 14.00,6. I landskamp mot Finland i Helsinki 22. juli 1964 fekk han notert livsbeste 13.49,4, slått med fire tidels sekund av Fergus Murray, vinnaren av løpet. Ved europameisterskapen i Budapest i 1966 deltok Tulloh på 10 000 meter og vart sjettemann på livsbeste 28.50,4.

I 1969 sprang Tulloh 4 628 kilometer gjennom USA frå Los Angeles til New York City på 64 dagar, noko han skildra i boka Four Million Footsteps. Han var kjent for å springe berrføtt i mange av løpa sine.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads