Brungumptapakulo
art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Brungumptapakulo (Scytalopus latebricola) er ein fugl i tapakulofamilien, endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.
Remove ads
Skildring
Dette er ein mellomstor tapakulo, ca. 11,5 centimeter, fjørdrakta til vaksne fuglar er mørk brungrå på oversida, reinare brun lengst bak, og undergump og halefjører er gulbrune. Brungumptapakuloar lever i underskog, fuktig skog og gjenreist skog, frå 2000 til 3660 moh.[1]
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som livskraftig.[2]
Om tapakuloar generelt
Tapakuloar lever i tett vegetasjon på eller nær bakkenivå og finst hovudsakleg i fjellområda i utbreiingsområdet sitt. Dei kan vere særs krevjande å observere ettersom dei spring i underskogen på ein musaktig måte. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads