Burned

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Burned» er ein song skriven av Neil Young og innspelt av bandet Buffalo Springfield og gjeve ut på albumet Buffalo Springfield i 1966.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Buffalo Springfield-kronologi ...

Dette var truleg songen som plateprodusent Lenny Waronker då han skildra dei tidlege, heite konsertane til Buffalo Springfield i midten av 1966 og han kalla dei eit elektrisk Everly Brothers. «Burned» er ein ein folkrocksong med drivande gitar og vokalarrangement, og var eit fast innslag på konsertane til bandet. Den oppstemde, muntre musikken gjer skam på den noko mørke teksten til Neil Young. Som mange av dei tidlege komposisjonane hans er dei lett surrealistiske bileta hans fint samanstilt med musikken. Sjølv om Richie Furay opphavleg skulle synge solo, er det Young sjølv som song solovokalen då bandet spelte songen inn hausten 1966. Sidan Young var nokså uerfaren i studio, og Furay hadde ei meir radiovennleg stemme, er det mogeleg at songen kunne ha vorte ein mindre hit om Furay hadde songen solo.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads