Buffalo Springfield av Buffalo Springfield

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Buffalo Springfield er debutalbumet til folkrockgruppa Buffalo Springfield, gjeve ut i desember 1966 på Atco Records. Det nådde 80. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista. Det er det første albumet med songar av dei framtidige stjernene Stephen Stills og Neil Young.

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn og innhald

Buffalo Springfield vart skipa tidleg i 1966 og heldt den første konserten sin på The Troubadour i Hollywood i april det året. Den første singelen deira, som var med på dette albumet, Young sin «Nowadays Clancy Can't Even Sing» sungen av Richie Furay, gjekk ikkje inn på den nasjonale hitlista, men nådde topp 40 på ei lokal liste for Los Angeles i august. Albumet vart spelt inn sommaren 1966 i Gold Star Studios der Phil Spector skapte sin «Wall of Sound» og Brian Wilson skapte innspelingane til The Beach Boys, inkludert Pet Sounds same året. Young syng berre solo på to av dei fem songane han skreiv for albumet, medan Furay syng på dei andre tre.

Albumet vart produsert av dei to managerane til gruppa, Charles Greene og Brian Stone, som begge hadde minimal erfaring som plateprodusentar. Gruppa var visstnok misnøgd med lyden på albumet og kjende at han ikkje reflekterte intensiteten på konsertane deira.[4] Bandet bad Atco om tid til å få spele inn albumet på nytt, men dei ønskte ikkje å gå glipp av julemarknaden og insisterte på at albumet skulle ut slik det var. Men dei gav Stills og Young løyve til å personleg mikse monoversjonen av albumet sjølve, og medlemmar av bandet har lenge insistert på at denne utgåva er betre enn stereoutgåva.

Buffalo Springfield vart opphavleg gjeven ut i både mono og stereo som Atco SD 33-20. Innsida av omslaget inneheld biografiar om kvart medlem i same stil som dei i Tiger Beat. Den nye singelen til bandet, Stills sin «For What It's Worth», vart spelt inn same dagen som albumet kom ut. Singelen kom ut kort tid etter og vart ein nasjonal hit som gjekk inn på topp 10 på Billboard Hot 100-lista i mars 1967.[5] «For What It's Worth» kom ut som opningssporet på den andre trykkinga av albumet, som Atco SD 33-200A, og «Baby Don't Scold Me» vart droppa, medan rekkjefølgja vart noko endra på resten. «Baby Don't Scold Me» er aldri gjeve ut i stereo. Alle CD-utgåvene av albumet inneheld berre monomiksen.

Albumet vart ommastra i HDCD og gjeve ut 24. juni 1997 med to versjonar på ei plate, monoutgåva frå den første Atco 33-200 og stereoutgåva frå SD 33-200A. Stereomiksen av «Baby Don't Scold Me» frå Atco SD 33-200 eller monomiksen av «For What It's Worth» frå Atco 33-200A var ikkje med. «Burned» har heller aldri blitt gjeve ut i stereoutgåva, og monoutgåva er feilaktig med to gonger på denne plata.

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Buffalo Springfield
Teknisk
  • Charles Greene, Brian Stone — produsentar, stereomiks
  • Tom May, Doc Siegel, James Hilton, Stan Ross — lydteknikar
  • Sandy Dvore — design
  • Henry Diltz, Ivan Nagy — fotografi
  • Tim Mulligan — HDCD digital mastering
  • John Nowland, Pflash Pflaumer — overføring frå analog til digital

Salslister

Album - Billboard (USA)

Meir informasjon År, Liste ...

Singles - Billboard (USA)

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads