Burton Cummings
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Burton Lorne Cummings (fødd 31. desember 1947) er ein kanadisk musikar og låtskrivar.
Han var tidlegare songar og klaverspelar i det kanadiske rockebandet The Guess Who. I løpet av dei ti åra hans i bandet, frå 1965 til 1975, song han og skreiv eller var medlåtskrivar på fleire av hitsongane deira, som «American Woman,» «No Time,» «Share the Land,» «Hand Me Down World,» «Undun,» «Laughing,» «Star Baby», «New Mother Nature,» og «These Eyes». I solokarrieren sin hadde han fleire hittar i Canada, som «Stand Tall», «My Own Way to Rock» og «You Saved My Soul».
Remove ads
Biografi
Han var fødd og voks opp i Winnipeg i Manitoba, i lag med dei andre originale medlemmane i The Guess Who. Det første bandet hans var eit lokalt R&B-band, The Deverons. The Deverons gav med Cummings ut to singlar på det vesle REO Records. Den første singelen, «Blue Is The Night / She's Your Lover», vart spelt inn på ein radiostasjon i Winnipeg. Den andre singelen deira, «Lost Love / Feel Alright» vart spelt inn i Kay Bank Studios i Minneapolis, der The Guess Who ofte var i studio. Han vart med i bandet i 1966 då han erstatta klaverspelaren Bob Ashley og seinare den første songaren deira, Chad Allan.
Suksess med The Guess Who
Mellom 1966 og 1969 var The Guess Who eit av dei mest hardtarbeidande banda i Canada. Trass i fleire sterke singlar, og eit populær delt album (A Wild Pair, med The Stacattos frå Ottawa), og ei veke som husband på CBC-TV-programmet «Let's Go!», fekk dei lite suksess.
I 1969 fekk The Guess Who ein internasjonal hit med «These Eyes», skriven av Cummings og gitaristen Randy Bachman. Han vart følgd opp av hiten «Laughing», òg skriven av Cummings og Bachman. På ein annan Guess Who-song, «Undun», spelte Cummings ein jazzaktig fløytesolo. I 1970 nådde bandet toppen av singellista i Canada med «American Woman».
Til slutt førte krangling mellom Cummings og Randy Bachman, dels på grunn av at Bachman gjekk djupare inn i mormonar-trua si, og skapte splid i bandet.[3] Bachman slutta og starta bandet Brave Belt med tidlegare Guess Who-kollega Chad Allan, og sidan Bachman–Turner Overdrive.
Cummings vart sjef i bandet og spelte inn songar som «Share the Land», «Hand Me Down World», «Albert Flasher», «Rain Dance», «Sour Suite», «Glamour Boy», «Star Baby», «Clap for the Wolfman» og «Dancin' Fool».
Solokarriere
I 1975 slutta Cummings i The Guess Who etter 10 år, og vart soloartist. Gruppa vart då oppløyst. Eit av dei første prosjekta hans var å synge korvokal på den andre plata til Eric Carmen, Boats Against the Current, inkludert på «She Did It».
Cummings fekk hittar som soloartist i Canada med «Stand Tall», som òg vart den største hiten hans i USA med ein 10. plass på Billboard Hot 100 og andreplass på Adult Contemporary-lista .[4] Andre hitsinglar han gav ut var «I'm Scared,» «Break it to Them Gently» og «Fine State of Affairs». Cummings fekk hittar utafor Canada med «Stand Tall» og «You Saved My Soul.» Cummings gav i alt ut åtte soloalbum og samlealbum frå 1976 til 1990. I 1997 gav han ut eit samlealbum med konsertopptak kalla Up Close and Alone..
Cummings prøvde seg òg som skodespelar. Han spelte i lag med Paul Sorvino, Glynnis O'Connor og Don Johnson i den kanadiske filmen Melanie i 1982.[5] Songane hans «You Saved My Soul», «Real Good», «Something Old, Something New» var med i filmen.
The Guess Who igjen
I 2000 turnerte Cummings, Bachman, og den originale trommeslagaren Garry Peterson som The Guess Who. Bassisten Jim Kale spelte på ein konsert og dei tidlegare Guess Who-musikarane Donnie McDougall og Bill Wallace var med besetninga på ein del av turneen i Canada og seinare USA. Guess Who turnerte med Cummings frå 2000 til 2003.
Bachman-Cummings
Cummings spelar stundom konsertar med Randy Bachman som The Bachman-Cummings Band, med The Carpet Frogs (eit band frå Toronto) og gjer stundom konsertar på forskjellige casino i Canada som soloartist. The Bachman-Cummings Band gav ut eit samlealbum kalla Bachman-Cummings Song Book med songar frå The Guess Who, Bachman–Turner Overdrive og solokarrieren til Cummings. Dei gav òg ut albumet The Thunderbird Trax, spelt inn i 1987, men først gjeve ut i 2006.
Order of Canada
Den 30. desember 2009 vart Cummings utpeikt til offiser i Order of Canada av generalguvernøren Michaëlle Jean. Dette er ein av dei høgaste sivile ordenane i Canada.[6]
Remove ads
Diskografi
Album
Singlar
Filmmusikk
- California Dreaming (1979)
- «Among the Yesterdays» (musikk av Fred Karlin / tekst av Robb Royer)
- «Keep it in the Family» (musikk go tekst av Cummings)
- Voices (1979)
- «I Will Always Wait For You (Theme From Voices)» (skriven av Jimmy Webb)
- Melanie (1982)
- «You Saved My Soul» (skriven av Cummings)
- «Real Good» (skriven av Cummings)
- «Something Old, Something New» (skriven av Cummings)
Samarbeid med Randy Bachman
- 2006 Bachman-Cummings Songbook
- 2006 The Thunderbird Trax
- 2007 Jukebox
Remove ads
Sjå òg
- The Guess Who
- Kanadisk rock
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads