Bygland kyrkjebygd
tettstad i Bygland kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bygland kyrkjebygd, eller Bygland, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bygland kommune i Agder fylke. Tettstaden ligg i Setesdalen ved utløpet av Kvålsåna, på austbreidda og nær den nørdre enden av Byglandsfjorden, og har 2 483 innbyggjarar per 1. januar 2024.
På Bygland ligg Bygland oppvekstsenter, Byglandshallen, KVS Bygland (privat vidaregåande skule), barne- og ungdomsskule, Bygland museum, Glashytta i Setesdal, Byglandsheimen (alders- og sjukeheim), Bygland folkebibliotek, bensinstasjon og butikkar.[2] Sentralt i bygda står Bygland kyrkje, ei krosskyrkje frå 1838.
Riksveg 9 (Kristiansand–Haukeligrend) passerer Bygland sentrum nede ved fjorden. Frå sentrum går Jordalsvegen austover til gardane Lidi, Jordalsbø og Skreland.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads