Byrd-stasjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Byrd-stasjonen var ein stasjon i Antarktis oppretta av USA under Det internasjonale geofysiske året av U.S. Navy under Operasjon Deep Freeze II i Vest-Antarktis.[1] Eit tog av beltevogner kryssa isen frå Little America V seint i 1956 for å opprette stasjonen. Kolonnen vart leia av Merle Dawson og reisa gjekk over 1040 km over uutforska terreng i Marie Byrd Land til ein stad som var vald ut på førehand. Stasjonen bestod av eit sett av fire prefabrikerte bygningar og vart reist på mindre enn ein månad.[2] Han vart bestilt den 1. januar 1957. Den originale stasjonen («Old Byrd») varte kring fire år før han byrja å kollapse under snøen. Bygginga av ein ny undergrunnsstasjon i nærleiken byrja i 1960 og var i bruk til 1972. Stasjonen vart så omgjort til ein sommarleir fram til han vart forlaten i 2004-05.[1]
John P. Turtle, ein polarlysforskar ved Byrd-stasjonen i 1962, gav namnet sitt til Turtle Peak.
National Science Foundation, som styrer U.S. Antarctic Program (USAP), hadde planar i juni 2009 om å bygge ein ny leir for å drive forskingsprosjekt i Vest-Antarktis, inkludert arbeid ved Pine Island-breen. Leiren, kring 1400 kilometer frå hovudanlegget til USAP, McMurdo-basen, skal kunne ta 50 personar og vil i hovudsak vere ein «oppstasa» bensinstasjon for luftturar i området. Ein annan leir nær Pine Island-breen, for eit prosjekt leia av NASA-forskaren Robert Bindschadler, er òg planlagt. Anlegget skal assistere helikopteroperasjonar til isbremmen.[3][4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads