Pine Island-breen

isstraum i Antarktis From Wikipedia, the free encyclopedia

Pine Island-breen
Remove ads

Pine Island-breen (PIG) er ein stor isstraum[1] som flyt vest-nordvest langs sørsida av Hudson Mountains til Pine Island Bay i Amundsenhavet i Antarktis. Han vart kartlagt av United States Geological Survey (USGS) frå landmålingar og United States Navy (USN) sine flyfoto 1960–66 og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i samband med Pine Island Bay.[2]

Kjappe fakta Land, Stad ...

Området som Pine Island-breen drenerer utgjer kring 10 prosent av Den vestantarktiske innlandsisen.[3] Satellittmålingar har indikert at tilsigsfeltet til Pine Islandbreen har større netto tilførsel av is til sjøen enn noko anna tilsigsfelt i veda og dette har auka dei siste åra fordi isstraumen har byrja å flyte raskare.[4][5]

Isstraumen ligg særs aude til og den næraste kontinuerleg bemanna forskingsstasjonen er Rothera, som ligg 1300 km unna.[6] Området ligg ikkje innanfor kravområda til noko land og Antarktistraktaten hindrar at slike krav blir sett fram.[7]

Remove ads

Drenering av innlandsisen

Thumb
Flytande isbrem utanfor Pine Island-breen. Sprekka syner starten på eit stort isfjell som kalvar.

Den antarktiske innlandsisen er den største ismassen på jorda, og inneheld eit vassvolum som svarar til ein auke på 57 meter i det globale havnivået.[8] Innlandsisen vert danna av snø som fell på kontinentet og så vert pakka saman til is under si eiga vekt. Isen flyttar seg så under si eiga vekt mot kantane av kontinentet. Det meste av denne transporte til sjøen skjer via isstraumar, som flyttar seg raskare enn isen rundt.[8] Den antarktiske innlandsisen består av ein stor, relativt stabil innlandsis i Aust-Antarktis og ein mindre, og mindre stabil innlandsis, Den vestantarktiske innlandsisen. Den vestantarktiske innlandsisen vert drenert til sjøen via fleire store isstraumar, og dei fleste av dei flyt anten ut i Rossisen eller Filchner-Ronne-isen. Pine Island og Thwaitesbreen er to store isstraumar i Vest-Antarktis som ikkje flyt ut i ein stor isbrem. Dei er ein del av ei vid bukt i Amundsenhavet. Eit samla areal på 175 000 km², 10 prosent av Den vestantarktiske innlandsisen, drenerer ut til sjøen via Pine Island-breen.[9][3]

Remove ads

Svakt underlag under Den vestantarktiske innlandsisen

Pine Island- og Thwaitesbreen er to av dei fem største isstraumane i Antarktis. Forskarar har funne ut at straumen til desse isstraumane har auka på dei siste åra, og indikerer at om dei skulle smelte heilt, så ville havnivået auke med 0,9 til 1,9 meter og destabilisert heile Den vestantarktiske innlandsisen og kanskje delar av Den austantarktiske innlandsisen.[10]

I 1981 la Terry Hughes fram ein teori om at regionen kring Pine Island Bay kan ha eit svakt underlag under Den vestantarktiske innlandsisen.[11] Dette er basert på at i motsetnad til dei fleste store isstraumane i Vest-Antarktis så er isstraumane som flyt ut i Amundsenhavet ikkje verna frå havet av ein stor flytande isbrem. Det vil sei at overflata av isbreen ligg over havnivå, medan basen ligg under havnivå og heller nedover innover i land. Dette indikerer at det ikkje er noko geologisk barriere som kan stoppe ein tilbakegang av isen når dette først har starta.[11]

Remove ads

Akselerasjon og uttynning

Farten til Pine Island-breen har auka med 73 prosent frå 1974 til slutten av 2007, med ein 8 prosent auke dei siste 16 månadane av denne perioden aleine. Denne farten tyder at mot slutten av 2007 så hadde Pine Island-breen ein negativ massebalanse der han taper 46 gigatonn is kvart år,[5] noko som tilsvarar ein auke i havnivået på 0,13 mm kvart år.[12] Med andre ord strøymer mykje meir vatn ut i sjøen frå Pine Island-breen enn det som vert erstatta av snøfall over land. Målingar langs midten av isstraumen ved hjelp av GPS har vist at akselerasjonen framleis er høg 200 km inn over land, kring 4 prosent i løpet av 2007.[13] Ein teori er at den nylege akselerasjonen er utløyst av varmt hav ved enden av breen, der den flytande delen (isbremmen) er kring 50 km long.[1][3][14]

Etter kvart som isen akselererer vert han òg brattare.[13] Uttynninga sentralt i kanalen har firedobla seg frå 1995 til 2006.[13][15] Om den noverande akselerasjonsraten held fram vil hovuddelen av isbreen vere flytande innan 100 år.[15]

Subglasial vulkan

I januar 2008 rapporterte forskarar frå British Antarctic Survey (BAS), Hugh Corr og David Vaughan, at ein vulkan hadde utbrot for 2200 år sidan under Den antarktiske innlandsisen. Dette var det største utbrotet i Antarktis dei siste 10 000 år. Vulkanen ligg i Hudson Mountains, nær Pine Island-breen.[16][17] Utbrotet spreidde eit lag med vulkansk oske (eller tefra) over overflata av isen. Dette vart så gravlagd under snø og is. Corr og Vaughan klatre å kartlegge oskelaget ved hjelp av eit radarsystem frå lufta og kakluere kva tid utbrotet skjedde og kor djupt oska ligg gravlagd ved hjelp av iskjerneboringar.[17] At denne vulkanen ligg i nærleiken kan tyde på at vulkansk aktivitet kan ha medverka til, eller kan i framtida medverke til, den auka straumen i isbreen.[18]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads