CFA-franc

From Wikipedia, the free encyclopedia

CFA-franc
Remove ads

CFA-franc er ein valuta som blir brukt i 12 tidlegare franske koloniar i Afrika og dessutan i Guinea-Bissau og Ekvatorial-Guinea.[1] Han blir også kalla franc CFA (den vanlege franske ordstillinga), eller CFAF.

Kjappe fakta Delt i, Innført ...
Thumb
Land som nytter valutaen:
     Vestafrikansk CFA-franc (XOF)
     Sentralafrikansk CFA-franc (XAF)
Remove ads

Historie

Valutaen blei oppretta samtidig som CFP-franc (fransk stillehavsfranc) den 26. desember 1945, som valuta for dei franske koloniane i Afrika.[1] Namnet stod opphavleg for franc des Colonies Françaises d'Afrique (francen til dei franske koloniane i Afrika). I samband med den byrjande lausrivinga av kolonianer måtte ein endra dette, og ein valde å finna eit namn som gjorde det mogleg å halda på forkortinga CFA. Den fyrste endringa, i 1958, var til Franc des Communauté française d'Afrique (francen til det franske afrikanske samfunnet). Etter at brukarlanda hadde oppnådd sjølvstendige fekk valutaen igjen eit nytt namn, nemleg det noverande Franc des Communauté Financière Africaine (francen til det afrikanske økonomiske samfunnet).

Valutaen var tidlegare bunden til fransk franc. Den opphavlege vekslingskursen, i 1945, var 1 CFA-franc = 1,7 franske franc. Ved innføringa av euro i Frankrike blei bindinga overført til den nye valutaen. Den dåverande kursen på 100 CFA-franc = 1 fransk franc blei overført direkte, slik at bindinga sidan 1. januar 1999 har vore 655,957 CFA-franc = 1 €.[2]

Endringane som er blitt gjorde i verdi har stort sett vore knytt til endringar i fransk valuta. Dette har gjort han til ein av dei sterkaste valutaene i Afrika, men samtidig har han hatt ein kunstig høg verdi som har gjort det vanskeleg å følgja den økonomiske utviklinga i brukarlanda. Valutaen har berre blitt devaluert ein gong, i 1994, på anbefaling frå Det internasjonale pengefondet (IMF). CFA-franc blei devaluert med 50 prosent[3] slik at verdien blei endra frå 1 CFA-franc = 0,02 franske franc til 1 CFA-franc = 0,01 franske franc.[2]

Remove ads

Institusjonar

CFA-franc finst i to versjonar, med same verdi. Begge er garantert av Frankrike.

Vestafrikansk CFA-franc

Denne versjonen blei gjeven ut av Sentralbanken for dei vestafrikanske statane (BCEAO), og blir brukt i dei 8 landa som er medlem av Den vestafrikanske økonomiske og monetære unionen (UEMOA):

ISO 4217-koden er XOF.

Sentralafrikansk CFA-franc

Denne versjonen blir utskriven av Sentralbanken for dei sentralafrikanske statane (BEAC), og blir brukt i dei 6 landa som er medlem av Den sentralafrikanske økonomiske og monetære unionen (CEMAC):

ISO 4217-koden er XAF.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads