CJ Fish

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

CJ Fish er det femte studioalbumet til det psykedeliske rockebandet Country Joe and the Fish frå San Francisco, utgjeve i mai 1970 på Vanguard. Det var den første plata deira som vart produsert av Tom Wilson og det siste dei gav ut på Vanguard Records. Innspelinga fann stad i Record Plant i Los Angeles i California.[2]

Meir informasjon Country Joe and the Fish-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Etter ein lengre turné med ei ny besetning, inkludert Big Brother and the Holding Company-gitaristen Peter Albin, drog gruppa i studio.[3]Country Joe McDonald hadde alt byrja å spele inn soloalbum for selskapet då innspelinga kom i gang. Endringane i Country Joe and the Fish var at trommespelaren Greg Dewey, bassisten Doug Metzner og klaverspelaren Mark Kapner var komen inn i bandet. Dei fremste låtskrivarane var Barry «The Fish» Melton og «Country Joe» McDonald som før, så albumet heldt noko av den same stilen som dei hadde hatt. Den nye besetninga turnerte mykje på tida då Woodstockfestivalen var og gruppa spelte òg i filmen Zachariah som den fredlause gruppa «The Crackers».[4]

Etter å ha eksperimentert på det førre albumet, Here We Are Again (1969), gjekk bandet attende til den tidlegare stilen frå dei to første albuma på dette albumet.[5] Sjølv om albumet er psykedelisk, er det òg dreidd i popretninga. Vanguards Records prøvde å gjere bandet meir radiovenleg og dette var det næraste bandet kom til å klare dette, sjølv om dei vart verande eit undergrunnnsband. Trass i ein suksessrik turné og respektable albumsal, vart bandet oppløyst året etter.[6]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Country Joe McDonald, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Teknisk
  • Produsent: Tom Wilson
  • Kunstnarisk leiar: Jules Halfant
  • Plateomslag: David Edward Byrd
  • Foto på baksida: Jules Kliot

Salslister

  • 111. plasssen på Billboard Top LPs-lista.[7]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads