Here We Are Again av Country Joe and the Fish

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Here We Are Again er det fjerde studioalbumet til det psykedeliske rockebandet Country Joe and the Fish, utgjeve i juli 1969. Det nådde 48. plassen på Billboard 200, og låg 11 veker inne på lista.[4] Berre Country Joe McDonald og Melton var att frå den originale besetninga på dei førre albuma. Dei tidlegare medlemmane var derimot med som gjesteartistar.

Meir informasjon Country Joe and the Fish-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Songane vart skrivne av Country Joe McDonald og Barry Melton. I tillegg til «Country Joe» McDonald (vokal, gitar) og Barry «The Fish» Melton (sologitar, vokal), spelte òg dei opphavlege medlemmane Gary «Chicken» Hirsh på trommer og David Bennett Cohen (Hammondorgel, piano og gitar) på plata. Dei andre instrumenta vart spelte av Mark Ryan og President Flyer.[5] For første gongen på albuma deira, nytta dei strykarar og blåsarar på somme av spora, noko som gav dei meir pop-karakter. Songane «I'll Survive» og «Maria» vart spelte inn i Vanguard Studios på 23rd Street i New York. Dei andre vart spelte inn i Pacific High Studios i San Francisco.[6]

Ein singel frå albumet, «Here I Go Again»/«Baby, You're Driving Me Crazy», kom ut, men gjekk ikkje inn på salslistene.[7]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Country Joe McDonald, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads