Cactus av Pixies

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Cactus» er ein song av det amerikanske alternative rockebandet Pixies, og det åttande sporet på albumet albumet deira Surfer Rosa frå 1988. Han vart skriven og sungen av frontmannen i bandet, Black Francis og produsert av Steve Albini.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

«P-I-X-I-E-S»

Mellom det andre verset og refrenget kan ein høyre bandet stave ut «Pixies». Bassgitaristen Kim Deal (då oppført som 'Mrs John Murphy' i plateomslaget), sa seinare: «Du kan høyre dei stave 'Pixies' i mellomspelet, slik T.Rex gjorde på ein av songane sine ['The Groover'], 'T-R-E-X,' og dei prøvde å etterlikne det. Eg var i mot det, 'Ikkje tale om, eg gjer det ikkje' fordi eg var så banal. Og eg er den einaste som ikkje gjorde det. Steve [Albini] gjekk med på det og likte det. Så eg er den einaste som aldri fekk vokal på platene [...] Alle andre som var i studio då var med.»[1]

Remove ads

Andre versjonar

David Bowie spelte inn ein versjon av songen på albumet Heathen i 2002. Denne versjonen stavar ut D-A-V-I-D i pausen på songen. Bowie framførte songen på Heathen-turneen i 2002 og Reality-turneen i 2003. Eit opptak frå november 2003 kom ut på DVD-en A Reality Tour DVD, og seinare på albumet A Reality Tour. The Pixies spelte songen på ein hyllestkonsert for Bowie i 2016.

Black Francis spelte inn songen på ny og gav han ut i 2004 på albumet sitt Frank Black Francis.

Glen Hansard og The Frames spelte songen på M-klub den 25. oktober 2001.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads