Reality-turneen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

A Reality Tour var ein verdsturné av David Bowie for å marknadsføre albumet Reality.[1] Turneen starta 7. oktober 2003 i Forum København i Danmark og fortsette gjennom Europa Nord-Amerika, Asia, inkludert New Zealand og Australia for første gongen sidan Glass Spider-turneen i 1987. Med over 110 konsertar var turneen den lengste i karrieren til Bowie.[2] Bowie fekk eit hjarteinfarkt seint i juni 2003 som førte til at somme konsertar nær slutten av turneen vart avlyste.[3] Bowie slutta heilt å spele konsertar i 2006, så dette vart den siste turneen hans.[4]

Meir informasjon Konsertkronologi ...

Turneen tente totalt 46 millionar amerikanske dollar, som var den niande mest innbringande turneen i 2004.[5]

Remove ads

Bakgrunn

Bowie annonserte turneen i juni 2003 og planen var å spele for over ein million folk over 17 land, og vart omtalt som den første store turneen hans sidan Outside-turneen i 1995.[6] Øvingane for turneen byrja i juli og han brukte stort sett det same bandet som på den førre Heathen-turneen. Mark Plati var oppteken med andre oppgåver, så gitaristen Gerry Leonard vart den nye bandleiaren.[7] Bandet spelte ein oppvarmingskonsert den 19. august i New York for eit lite publikum på kring 500 personar i The Chance.[8] I september byrja Bowie å dukke opp på nasjonal radio og TV-show i Tyskland og Frankrike og spelte ein «direkte og interaktiv framføring» i London den 8. september, ein av dei første direktesendte rockekonsertane og den første som vart kringkasta i 5.1-lyd.[8] Dette showet vart sendt live til publikum over heile verda i kino- og konsertsalar, men i somme land (som Japan og Australia) vart ikkje showet sendt før dagen etter, og i somme land (som i USA) vart ikkje showet sendt før ei veke seinare.[8] Somme kinosalar rapporterte at dei ikkje mottok den midtre lydkanalen under showet, som gjorde at publikum ikkje kunne høyre vokalen til Bowie. Dette skal ha vore eit problem i kinosalen sin ende i følgje Tony Visconti, som var ansvarleg for miksen.[9] Kort tid etter fortsette Bowie å spele på show som Friday Night with Jonathan RossBBC1, The Today Show, Last Call with Carson Daly og The Late Show with David Letterman.[10] Songane som vart framførte på desse showa var mellom andre «New Killer Star», «Modern Love», «Never Get Old» og «Hang On to Yourself».[10] Til slutt, seint i september, spelte Bowie og bandet songar for AOL Online, der dei framførte «New Killer Star», «I'm Afraid of Americans», «Rebel Rebel», «Days» og «Fall Dog Bombs the Moon»,[10] som alle vart strøymd til AOL-kundar over dei neste få månadane.[10] Mot slutten av september var Bowie og bandet i Brussel for dei siste øvingane.[10]

Remove ads

Turnédesign

Turneen vart skildra av Bowie-biografen Nicholas Pegg som «på nokre måtar til og med meir teatralsk» enn «Sound+Vision-turneen», ein av dei meir teatralske turneane til Bowie.[10] Scenen inkluderte store LED-skjermar med ein heva catwalk og fleire plattformer som gjekk inn i publikum, trapper og «store, kvitbleika tregreiner» som hengde «grasiøst på kvar side av scenen».[10] Bowie sjølv var med å designe scenen i lag med designeren Therese Depreze og den visuelle regissøren Laura Frank.[10]

Remove ads

Repertoir

Setlist inkluderte songar frå meir enn den 30 år lange karrieren til Bowie, frå The Man Who Sold the World (1970) og opp til Reality (2003), i tillegg til samarbeid som «Sister Midnight» (originalt frå The Idiot (1977) av Iggy Pop) og «Under Pressure» (singel (1981) av Bowie og Queen seinare gjeven ut på Hot Space året etter), og klipp av Bowie-klassikarar som «Space Oddity» og «Golden Years».[11] Bandet øvde inn kring 60 songar for turneen,[2] og det store repertoaret gjorde at dei kunne endre setlista frå kveld til kveld, og laga stundom setlista undervegs i konserten, noko Bowie sjeldan hadde gjort før med sterkt koreograferte turnear som Serious Moonlight-turneen i 1983, Glass Spider-turneen i 1987 og Sound+Vision-turneen i 1990.[11] Bowie og bandet hans spelte over to timar kvar kveld på turneen, og ofte meir enn 30 songar på enkelte konsertar.[12] Ein song som vart øvd inn men aldri framført var «Win» frå albumet Young Americans. Han vart berre stundom spelt under lydsjekkane.[13]

Mottaking

Konserten 24. januar 2004 i Vancouver BC fekk positiv omtale og kritikaren sa at «med nær plettfri vokal av Bowie, eit glimrande band og eit smart gjennomført show, endar du opp med ein av dei finaste old-school rockeartistane som nokon sinne har spelt på heimebanen til Canucks.»[14] Meldinga av den neste konserten i Seattle den 25. januar 2004 var like positiv og sa at Bowie «er framleis ei superstjerne i kvar einaste tomme ... osar framleis sjarme og sexappeal» og kalla setlista «ei feiring av heile katalogen hans.»[15]

Remove ads

Hendingar

6. mai 2004 vart ein konsert i James L. Knight Center i Miami i Florida avlyst etter at lysteknikaren Walter «Wally Gator» Thomas fall og omkom før Bowie gjekk på scenen.[16]

På konserten i Oslo den 18. juni 2004 vart Bowie råka av ein kjærleik-på-pinne i auga, kasta av ein person i publikum.[17]

Hjarteinfarkt

23. juni, medan han stod på scenen i Praha, fekk Bowie eit hjarteinfarkt, som gjorde at han måtte forlate scenen (og til slutt avslutte konserten tidleg) for å få medisinsk hjelp.[3] Turneen vart offisielt avslutta etter Hurricane Festival i Scheeßel i Tyskland den 25. juni 2004, fordi han framleis kjende seg uvel.[3] 30. juni vart turneen offisielt avslutta etter at Bowie vart diagnostisert med ei akutt blokkert arterie som kravde ein angioplastikk-operasjon (utført 26. juni).[3][18] I 2016 etter Bowie døydde, fortalte bassisten Gail Ann Dorsey, som stod på scenen med Bowie om dei to siste konsertane på turneen: «[På det nest siste showet, i Praha] hugsar eg at me spelte songen «Reality». Han skulle synga heilt på slutten av songen, og han gjorde det ikkje. Eg såg på han litt bakfrå. Alle var gjennomvåt fordi det var veldig varmt der inne, men skjorta hans var berre gjennomvåt. Han var berre våt og heldt mikrofonen ute med venstre hand rett ut. Og han stod berre der og poserte, men song ikkje. Og eg tenkte: «Kvifor syng han ikkje den siste biten?»

Så såg han over skuldra på meg og han var berre kvit, bleik, nesten gjennomskinneleg. Auga hans var store og han gispa litt etter luft, og hadde problem med å trekka pusten. Og så hugsar eg at eg såg ned på publikum, og eg kunne sjå uttrykka deira på første rad, og såg opp på han, hadde forandra seg. Dei gjekk frå glede og dans til å sjå bekymra ut. På det tidspunktet såg livvakta og hjelparen hans det same. Han gjekk inn på scena og tok han av. ... Me fortsette og spelte nokre fleire songar. Han bad om ein krakk, og han sette seg. Han hata berre å avlysa show. Det var nokon netter han var så sjuk at han hadde ei bøtte på sida av scena der han skulle gå mellom songane for å kasta, men han ville aldri avbryta noko. Og me visste ikkje at han fekk hjarteinfarkt før fire eller fem dagar seinare.

[På det siste showet, på Hurricane Festival i Hamburg, Tyskland] hugsar eg at eg gjekk ned trappa bak han etter at me var ferdige. Då han kom heilt ned, kollapsa han faktisk. Han var så sliten og så sjuk. Dei hasta han til sjukehuset, og me sat og venta i Hamburg i nokre dagar, og det var slutten. Det siste showet.»[19]}}

Remove ads

Konsertopptak

For meir om dette emnet, sjå filmen A Reality Tour og albumet A Reality Tour.

Ein DVD-video frå Point Theatre i Dublin i 2003 kom ut på A Reality Tour i 2004. Ein CD med den same konserten kom ut på A Reality Tour i 2010.

Turnébandet

Konsertar

Meir informasjon Dato, By ...
Avlyste eller flytta konsertar
12. november 2003 Toulouse Le Zénith de Toulouse Avlyst
6. desember 2003 Atlantic City The Borgata Events Center Flytta til 29. mai 2004
7. desember 2003 Fairfax Patriot Center Flytta til 16. mai 2004
9. desember 2003 Boston Fleet Center Flytta til 30. mars 2004
10. desember 2003 Philadelphia Wachovia Center Flytta til 29. mars 2004
12. desember 2003 Toronto Air Canada Centre Flytta til 1. april 2004
6. mai 2004 Miami James L. Knight Center Avlyst
26. juni 2004 Tuttlingen Southside Festival Avlyst
29. juni 2004 Wien Schloss Schönbrunn Avlyst
30. juni 2004 Salzburg Residenzplatz Avlyst
2. juli 2004 Roskilde Roskildefestivalen Avlyst
4. juli 2004 Werchter Rock Werchter Avlyst
6. juli 2004 Ile De Gaou Festival de la Gaou Avlyst
7. juli 2004 Carcassonne Festival de la Cite Avlyst
10. juli 2004 Kinross Balado, T in the Park Avlyst
11. juli 2004 County Kildare Oxegenfestivalen Avlyst
14. juli 2004 Bilbao Bilbaofestivalen Avlyst
16. juli 2004 Compostela Xacobeofestivalen Avlyst
17. juli 2004 Oporto The Dragon-festivalen Avlyst
20. juli 2004 Nyon Paléo Festival Nyon Avlyst
21. juli 2004 Monte Carlo Club du Sporting Avlyst
23. juli 2004 Carhaix Vieilles Charrues Festival Avlyst
Remove ads

Songar

Merknad:

  • DVD/CD inkludert på A Reality Tour (film) og A Reality Tour (konsertalbum)
  • CD Inkludert på konsertalbumet
  • iTunes Tilgjengeleg som digitalt bonusspor

Frå David Bowie

  • «Space Oddity»

Frå The Man Who Sold the World

Frå Hunky Dory

Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars

Frå Aladdin Sane

Frå Diamond Dogs

Frå Young Americans

Frå Station to Station

Frå Low

Frå "Heroes"

Frå Lodger

Frå Scary Monsters (and Super Creeps)

Frå Let's Dance

Frå Tonight

  • «Loving the Alien» DVD/CD
  • «Blue Jean»

Frå Outside

  • «Hallo Spaceboy» DVD/CD (Bowie, Eno)
  • «The Motel» (Bowie, Eno) DVD/CD

Frå Earthling

Frå Heathen

  • «Sunday» DVD/CD
  • «Cactus» DVD/CD (originalt frå Surfer Rosa (1989) av Pixies; skriven av Black Francis)
  • «Slip Away» DVD/CD
  • «Afraid» DVD/CD
  • «I've Been Waiting for You» (originalt frå Neil Young (1968) av Neil Young; skriven av Young)
  • «5:15 the Angels Have Gone» iTunes
  • «Heathen (The Rays)» DVD/CD

Frå Reality

Andre songar:

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads