Cahul

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cahulmap
Remove ads

Cahul (russisk Кагул, Kagul) er ein by sør i Moldova med om lag 30 000 innbyggjarar. Han var ein mindre bykommune (oraș) innanfor distriktet Cahul og hovudsete i distriktet. I 2016 fekk Cahul status som municipiu, men utan å bli rekna på distriktsnivå.[3][4]

Kjappe fakta Land Distrikt, Flatevidd ...

Byen har vore busett i mange hundreår, men har hatt forskjellige namn opp gjennom tidene. I 1502 vart byen kalla Șcheia og i 1716 Formoza. Det moderne namnet vart gjeve til byen etter slaget ved Kagul som vart utkjempa i nærleiken.

Byen har ofte vore åstad for kamphandlingar mellom forskjellige statar og har ofte skiftar eigarskap mellom land som Moldavia, Russland og Det osmanske riket. Byen var ein del av fyrstedømet Moldavia før 1812, så Det russiske keisardømet frå 1812 til 1856, og så igjen Moldavia/Romania (1856-1878), Russland (1878-1918), Romania (1918-1940) og så Sovjetunionen (1940-1941), Romania igjen og Sovjetunionen 1941-1991. Sidan 1991 har byen vore ein del av Moldova. Cahul er òg kjend for varmekjeldene her og for folkemusikken.

Remove ads

Folketal

Kommunen har desse busetnadene. For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnadene.

Meir informasjon Folketal 2004, Folketal 2014 ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads