Calf of Eday
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Calf of Eday (norrønt Kalfr[1], «kalven») er ei øy i Orknøyane i Skottland, nordaust for Eday.
«Kalven» er eit namn som stundom vert gjeve til ei lita øy som ligg ved sidan av ei større øy.
Remove ads
Historie
Frå 1600- til 1800-talet låg det eit saltkokeri på øya,[2] som ein framleis kan sjå restane etter.[3]
Det ligg tre store gravhaugar, restar av førhistoriske hus og eit fyr på øya.
Dyre- og planteliv
Lyngheiene dominerer vegetasjonen på øya. 32 forskjellige fugleartar hekkar på Calf of Eday og ho har på grunn av dette fått status som Special Protection Area (SPA, særskild verneområde). Måse og skarv hekkar i den tørre røsslyngen, medan havhest (Havhestus glacialis), krykkje (Rissa tridactyla) og alke hekkar i klippene.[4]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads