Calonectris

fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Calonectris
Remove ads

Calonectris er ei slekt av tre store lirer i stormfuglfamilien. Artane i denne gruppa er langvenga fuglar med mørk brun eller svart overside, og hovudsakleg kvit på undersida. Dei er pelagiske utanfor hekkesesongen og lever mest vanleg i tempererte og kalde farvatn. Akkurat som Puffinus flyg Calonectris-lirer med stive venger og nyttar ein «klippe»-teknikk for å segle over bølgjefrontar med eit minimum av aktiv flyging. Men fluktbildet ligg nærare albatrossar enn Puffinus-artane.

Kjappe fakta

Calonectris-lirer er langdistansemigrantar. Kvitpannelira spreier seg frå austasiatiske hekkeøyar gjennom heile det vestlege Stillehavet og inn i det austlege indiske havet.

Dei lever av fisk, blekksprut og liknande oseanisk mat og kan følgje fiskebåtar for å ta utkast.

Remove ads

Artar

Taksonomi for Calonectris-lirer er nyleg endra, kappverdelire og portugisarlire er splitta ut frå tidlegare gulnebblire, Calonectris diomedea. Det finst ei anna lireslekt, Puffinus, som omfattar om lag tjue små til mellomstore lirer. Procellaria, med fem andre store artar er vanlegvis kalla petrellar, sjølv om ein trur dei er nærare knytt til lirer enn til «eigentlege petrellar».

  • Kvitpannelire, Calonectris leucomelas, Streaked shearwater, (Temminck, 1836), (NT)
  • Poseidonlire, Calonectris diomedea, Scopoli's shearwater, (Scopoli, 1769), (LC)
  • Portugisarlire, Calonectris borealis, Cory's shearwater, (Cory, 1881), (LC)
  • Kappverdelire, Calonectris edwardsii, Cape verde shearwater, (Oustalet, 1883), (NT)
Remove ads

Kjelder

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Calonectris


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads