Camouflage av Rod Stewart
album av Rod Stewart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Camouflage er det 13. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut den 18. juni 1984 på Warner Bros. Records (WEA 925 095-1). Det kom ut tre singlar frå albumet, «Infatuation», «Some Guys Have All the Luck» og ein versjon av Free-songen «All Right Now». Albumet markerte ein slags gjenforeining av Stewart og Jeff Beck, som spelar gitar på fleir songar. Dei to hadde spelt i lag i 60-talsgruppa The Jeff Beck Group.
Remove ads
Remove ads
Informasjon
Alle songane på albumet vart spelte inn i Lion Share Studio i Los Angeles. Den Grammy-vinnande produsenten Michael Omartian produserte alle songane utanom «Bad for You», som vart produsert av Stewart sjølv.
Mottaking
Albumet fekk ganske dårleg kritikk då det kom ut, slik føregangaren Body Wishes hadde fått. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic kalla det likevel «relativt sett betre», på grunn av eit par sterke singlar i «Infatuation» og «Some Guys Have All The Luck». Rolling Stone skreiv ikkje om albumet då det kom, men i meldinga for det neste albumet, Every Beat of My Heart, kalla dei dette albumet «altfor glatt».[3]
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Rod Stewart – solovokal
- Jeff Beck – gitarsoloar på «Infatuation», «Can We Still Be Friends» og «Bad for You»
- Jim Cregan – gitar
- Robin LeMesurier – gitar
- Michael Landau – gitar
- Jay Davis – bassgitar
- Tony Brock – trommer
- Kevin Savigar – klaverinstrument
- Michael Omartian – klaverinstrument, perkusjon, korvokal
- Jimmy Zavala – munnspel
- Gary Herbig – saksofon
- Jerry Hey, Chuck Findley, Kim Hutchcroft, Charlie Loper, Gary Grant – blåseinstrument
- John Guess – lydteknikar og miksing
- Tom Fouce – andre lydteknikar
Remove ads
Salslister
Camouflage nådde åttandeplassen på den britiske albumlista og selde til sølvplate 27. juni 1984. I USA nådde det 18. plassen og selde til gullplate 12. august 1984. Ingen av singlane frå albumet nådde Topp 10 i Storbritannia, men dette klarte to av dei i USA, «Infatuation» (#6) og «Some Guys Have All the Luck» (#10).
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads