Some Guys Have All the Luck

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Some Guys Have All the Luck» er ein song skriven av Jeff Fortgang,[1] og har blitt ein Topp 40-hit to gonger på Billboard Hot 100. Den første gongen var det med The Persuaders i 1973 då han nådde 39. plassen,[2] så av Rod Stewart i 1984 då han nådde 10. plassen i USA og 32. plassen på Adult Contemporary-lista. The Shakers spelte inn songen for debutalbumet Yankee Reggae (Elektra, 1976)[3] og gav han ut på ein promosingel.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Persuaders-versjonen

Singelen kom ut frå The Persuaders-albumet Best Thing That Ever Happened to Me. Det vart den siste hitten deira i USA og nådde sjuandeplassen på R&B-lista og 39. plassen på Billboard Hot 100 i desember 1973.

Salsliste

Meir informasjon Liste (1973-74), Plassering ...
Remove ads

Rod Stewart-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Den britiske songaren Rod Stewart gav ut ein versjon av songen over ti år seinare, som den andre singelen frå albumet Camouflage i 1984. Det er den mest sukessrike versjonen av songen så langt, og nådde 15. plassen på UK Singles Chart. I USA nådde singelen tiandeplassen på Billboard Hot 100 i oktober 1984, medan han på den amerikanske Cash Box Top 100 nådde 16. plassen same månaden. Stewart sin versjon inneheld eit vokalt refreng frå «Ain't Got No Home» av Clarence «Frogman» Henry.

Salslister

Meir informasjon Liste (1984), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

Louise Mandrell spelte inn ein countryversjon av songen i 1985 med teksten endra til eit kvinnelege perspektiv og tittelen endra til «Some Girls Have All the Luck». Mandrell sin versjon nådde 22. plassen på Billboard Hot Country Singles i 1986. Det vart filma ein musikkvideo til songen.

Maxi Priest spelte inn songen på albumet sitt Maxi i 1987.[12]

Andre artistar som har spelt songen er Robert Palmer (UK #16 i 1982),[13] Junior Tucker,[14] Derrick Harriott,[15] Camera Obscura, Jacob Miller,[16] Judge Dread,[17] og The Shakers.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads