Camryn Rogers
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Camryn Rogers (fødd 7. juni 1999) er ein kanadisk friidrettsutøvar som tevlar i kulestøyt, diskoskast og sleggjekast. Ho vart verdsmeister i sleggjekast under VM i friidrett 2023 i Budapest.
Rogers deltok i 2021 i dei olympiske leikane i Tokyo, der ho med sine 74,35 meter kom på femteplass i sleggje-tevlinga. Våren 2022 vart ho nordamerikansk collegemeister i sleggjekasting, deretter vann ho sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Eugene med eit kast på 75,52 meter, Brooke Andersen frå USA sigra. Sidan kasta Rogers 74,08 m då ho gjekk til topps i samveldeleikane i Birmingham. I 2023 sette ho i mai personleg rekord i Los Angeles med 78,62 meter. Under verdsmeisterskapen i Budapest i august smekka ho til med 77,22 m i fyrste omgangen og tok gullmedaljen.
Remove ads
Kjelder
- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Camryn Rogers» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads