Candy Store Rock

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Candy Store Rock» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå 1976 på albumet deira Presence. Han vart òg gjeven ut som singel i USA, men gjekk ikkje inn på lista der.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen er gjort som ein 50-tals rock 'n' roll-song. Ein del av teksten til songaren Robert Plant var delvis inspirert av forskjellige Elvis Presley-songar. John Bonham si trommespeling er meir kontrollert enn bombastisk, driven av samspel mellom ride-cymbalen og skarptromma. Gitarsoloen til Jimmy Page er kort og tilmålt, og kjem halvvegs ut i songen.

Bandet spelte inn songen i Musicland Studios i Tyskland, og det tok dei om lag ein time og skrive han. Plant song songen frå rullestol, sidan han nyleg hadde vore i ei bilulukke i Hellas.

«Candy Store Rock» vart aldri framført på konsertane til bandet[2], bortsett frå eit kort riff av Page på Riverfront Coliseum i Cincinnati i Ohio i april 1977.

Robert Plant reknar «Candy Store Rock» som ein av favorittsongane sine frå Presence.[2]

Remove ads

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads